Diktaren med dei djupt solidariske tekstane

Vigdis Hjorth ser ikkje bort frå at ho kjem til å skrive memoarar, men for tida er ho meir oppteken av danske Tove Ditlevsen, som ho nett har redigert eit utval noveller av.

Den danske forfattaren Tove Ditlevsen døydde i 1976.
Den danske forfattaren Tove Ditlevsen døydde i 1976.
Publisert

Tove Ditlevsen (1917–1976) var Vigdis Hjorths første store leseoppleving, og forfattarskapen hennar har følgt henne gjennom heile livet. Ein tankefull, festleg og spennande kjennskap, kallar ho kollegaen, som gjorde seg sterkt gjeldande både som poet og prosaist – og i den uvørdne måten ho levde livet sitt på. Særleg på eitt punkt kjenner Hjorth slektskap med Ditlevsen.

– Eg tok til som barnebokforfattar og har såleis ein del av repertoaret mitt i det barnlege. I fokuset hennar på born og det barnlege kan eg kjenne meg att. Men eg kan ikkje skryte på meg den harde arbeidarklassebakgrunnen hennar, som òg prega henne, både måten å skrive på og å vere i verda på. Ho insisterte på å vere tilgjengeleg og usnobbete, for det finst jo mykje snobberi i litteraturen, som eg er ein del av. Uredd som ho var, kunne ho ta i stoff som andre forfattarar aldri ville røre.

– Tove Ditlevsen nytta mykje av sitt personlege liv i diktinga. Ser du likskapar der mellom dykk?

– Til ei viss grad, men det finst éin skilnad. Dei mest omstridde bøkene hennar, der ho henta mest direkte frå sitt eige liv, kalla ho «erindringer». Eg skriv, inntil vidare, romanar. Det er stor skilnad på å skrive om sitt eige liv og å bruke eigne erfaringar. Eg vil ikkje sjå bort frå at eg kan komme til å skrive memoarar. Det er jo freistande når så mange prøver å dra parallellar mellom livet mitt og litteraturen min. Så skal folk få sjå at ikkje alt er slik dei trur.

Hjorth har henta utvalet sitt frå dei fire novellesamlingane Tove Ditlevsen skreiv. Einaste kriteriet har vore kvalitet, for i periodar med dårleg råd hende det at Ditlevsen sende frå seg tekstar som ikkje heilt heldt mål. Sjølv om den danske diktaren helst såg seg sjølv som poet, meiner Hjorth at novellene er ein viktig del av forfattarskapen.

– Memoarbøkene hennar skapte furore, dei fekk ein eigen dimensjon fordi dei var så røyndomsnære og uttalt biografiske. Men i novellene synest eg at ho nærmar seg essensen av ei form for livskjensle som jo pregar heile forfattarskapen, men som alt det skandaløse kan forstyrre litt. Ho viser ei form for sårbarheit og noko truskuldig som ho beheldt heile livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement