Litteratur

Det vesle språket og den store kjærleiken

At lagnad kan vere så mangt og så ulikt, går tydeleg fram av Njord V. Svendsens bok Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie. Men kjærleiken kan krysse mange grenser.

Samiske Svenn-Egil (Svenne) Knutsen Duolljá og amerikanske Bruce Timothy Morén-Duolljá er høvesvis språkaktivist og forskar. Dei har vore gifte i snart tjue år.
Publisert Sist oppdatert

Kva har ein «lausunge» frå Staten Island i New York og ein «lappjævel» frå Tysfjord felles? Fint lite, skulle ein tru. Men då Njord V. Svendsen grov seg ned i ei historie som byrja med eit enkelt journalistoppdrag, fann han to lagnader som på merkeleg vis kryssa kvarandre, og med – av alle ting – det utryddingstruga språket lulesamisk som viktig fellesnemnar.

– Det var noko djupt menneskeleg ved desse historiene som råka meg i hjarta, for å ty til ein klisjé. To svært ulike lagnader, som gjorde meg nysgjerrig på kven desse folka var.

Med «desse folka» meiner forfattaren amerikanske Bruce Timothy Morén-Duolljá og samiske Svenn-Egil (Svenne) Knutsen Duolljá, som har vore gifte i snart tjue år. Etternamnet tyder «dei som har mykje reinskinn».

Bruce er lingvist og forskar, og underviser ved Nord universitet, der han mellom anna har gjort banebrytande arbeid med ein lulesamisk grammatikk. Svenne er språkaktivist med lulesamisk som morsmål og oppvekst i eit læstadiansk samfunn. Han jobbar i det fellesnordiske språkrådet for samefolket.

Skrivande møring

Sunnmøringen Njord V. Svendsen (52) har vore skrivande heile sitt vaksne liv. Mest som journalist, dei siste åra i universitets- og høgskulenettavisa Khrono. For ti år sidan gav han ut barneboka Bomulv saman med illustratøren Akin Duzakin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement