¿ Det politikken ikkje får fram

For Kjartan Fløgstad kjennest det meir prekært å skriva romanar i dag enn det gjorde for berre ti år sidan. Derfor er han no ute med sin 16. roman, Due og drone.

Kjartan Fløgstads nye roman spenner frå førkrigsår og fram til i dag.
Kjartan Fløgstads nye roman spenner frå førkrigsår og fram til i dag.
Publisert

Lytt til artikkelen:

– For ti år sidan låg ein del av dei utviklingstrekka som no er blitt tydelege, i kim. Dei har slått ut i full blom i USA, Storbritannia, Italia og her og der, seier Kjartan Fløgstad. Forfattaren har ikkje lyst å utdjupa eller konkretisera nærmare kva han meiner. Trur ikkje det trengst heller.

Med Due og drone har Fløgstad levert eit verk av velkjent merke, både i innhald og form. I tid spenner boka frå førkrigsår og fram til i dag, og kanskje endå litt lenger. Geografisk dekkjer han eit par verdsdelar, men held seg mest i Noreg. Og, sjølvsagt, med blødmene og dei sprelske språklege spranga intakte. Likeins er Fløgstad også her ute i mange ærend, han slår til fleire kantar og rører ved mangfaldige tema.

Om bakgrunnen for den nye romanen sin har forfattaren dette å seia:

– Til grunn ligg samtida i all sin kompliserte samanheng. Det ser ikkje ut til at den etablerte politikken klarar å uttrykkja samfunnsmotsetnader som før, der ideologiske tendensar vi trudde var forsvunne, brått dukkar opp igjen med stor kraft.

Due og drone har tematiske likskapar med romanen Grense Jakobselv (2009) og dei seinare Nordaustpassasjen (2012) og Magdalenafjorden (2014).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement