Det litterære ritualet

1926: Intervju med debutantar viser lite att i litteraturhistoriene. Somt av det forfattarane seier då, seier dei berre den gongen.

SARA OG CORA. Sara Fabricius hadde brukt pseudonymet Cora Sandel i fire år då debutromanen kom ut i 1926.
SARA OG CORA. Sara Fabricius hadde brukt pseudonymet Cora Sandel i fire år då debutromanen kom ut i 1926.
Publisert

Kva som var den første teksten på trykk eller i eit digitalt format, held få orden på. Å gi ut den første boka si er så viktig at vi har eit eige ord for. Å debutere er éin ting i kulturen og noko anna i skriftkulturen, men begge er overgangsritar. Dåp, konfirmasjon, giftarmål og jordferd er slike overgangsritar som både endrar status for enkeltpersonar og stadfestar ein fellesskap. Å debutere litterært er å bli skriven inn i skriftkulturen.

Nokre debutbøker markerer inngangen for eit heilt språk. Slik var det med Prøver af Landsmaalet i Norge, som Ivar Aasen frå Sunnmøre gav ut i 1853. Då Johan Turi frå Kautokeino gav ut Muitalus sámiid birra (En bog om lappernes liv) i 1910, brukte han for første gong eit samisk språk i bokform. Først i 2004 publiserte Alf Nilssen-Børskog frå Børselv den første romanen på kvensk, Kuosuvaaran takana (Bak Kuosovaara). Felles for alle tre er at dei hadde sin bakgrunn i det som alt var eller ville bli kjerneområde for språket dei brukte.

I ettertid er debutbøkene sjeldan dei viktigaste eller beste i ein forfattarskap. Eit av unntaka er Sara Fabricius (1880–1974) frå Tromsø. Godt vaksen debuterte ho som Cora Sandel med Alberte og Jakob i 1926. Under skiftande namn hadde ho skrive i blad og aviser frå 1908 og dermed halde seg unna offentleg merksemd. Vansken var at den som diktar så godt som ho gjorde, vil gjerne lesarane vite meir om, og i heimbyen blei ho raskt avslørt.

Forteljinga om Alberte var ein trilogi med nye band i 1931 og 1939. Det året debuterte Inger Hagerup (1905–85) frå Bergen med diktsamlinga Jeg gikk meg vill i skogen. Til skilnad frå mange kvinnelege forfattarar skreiv Hagerup si eiga minnebok i tre band frå 1965. Siste bandet, Ut og søke tjeneste, kom i 1968.

Same hausten bokdebuterte Kjartan Fløgstad (f. 1944) med diktsamlinga Valfart. Hans eigen arbeidstittel var Valfart til verda. I ettertid har Fløgstad halde dei første skriveåra på stor litterær avstand. Kva som var dei litterære haldepunkta hans den gongen, er likevel både relevant og interessant, og han fekk stor merksemd. Korte og lengre meldingar stod på trykk i 21 aviser, og 10 aviser trykte intervju.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement