Film

Det gode i menneska

Christy viser kor paradoksalt lite og mykje som skal til for å klara seg.

Filmen om 17 år gamle Christy som blir kasta ut av fosterfamilien, fekk publikumsprisen på filmfestivalen i Haugesund.
Publisert

Nok ein fosterfamilie må gje opp Christy (Power) etter nok ein episode, denne gongen ein video som sirkulerer der han bankar opp ein annan. Frustrert plukkar broren Shane (Noyes) han opp, og Christy må bu dei neste vekene der, saman med svigerinna og babyniesa, til dess han blir 18 år og lovleg, eller til barnevernet finn ein ny fosterfamilie. Det ser grimt ut. Kva skal det bli til med Christy?

Fosterstilling

Filmen startar deprimerande – fattig arbeidarklassestrøk, fosterfamiliar som ikkje maktar med uregjerlege ungdommar, sosiale medium som glorifiserer vald, mor som er død av overdose, gamle strukturar som gjentek seg frå generasjon til generasjon.

Det lyser ikkje akkurat gladfilm av dette. Men her kjem ei spoiler-åtvaring: Ein film vinn vanlegvis ikkje publikumsprisen på Den norske filmfestivalen i Haugesund om han er av det totalt nedslåande slaget. Så sjølv om kjensla av føreståande overdosar og valdelege samantreff heile tida ligg der, så har eg halmstrået frå Haugesund å halda meg til.

Irsk!

Heldigvis har det kome ein del slike triste, men oppløftande filmar dei siste åra. Lettast å samanlikna med er Scrapper (2023), om den vesle jenta som bur åleine, lyg og stel og unngår styresmakter og barnevern mens ho ventar på å bli stor. Eg ser at det er over ti år sidan The Selfish Giant (2013) kom ut, men den rørande filmen om dei to unge venene i Yorkshire som stel kopar for å tena pengar, fortener å bli nemnd i same andedrag, sjølv om filmen ikkje hamnar på same side av feelgood-gjerdet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement