Litteratur
– Det er mange år sidan eg slutta å klage over livet
Herbjørg Wassmo er ein intuitiv forfattar som samlar på draum og fantasi og lever med sine «svarte greier». Det har det blitt gode romanar av, og i dag ligg ein ny føre.
Herbjørg Wassmo har ein stor forfattarskap bak seg, og bøkene hennar er selde til 29 land.
Foto: Rolf M. Aagaard
For tjue år sidan dediserte Herbjørg Wassmo romanen Det sjuende møte «Til mitt menneske», ektemannen hennar. Der fekk ikkje Rut og Gorm kvarandre. I årets roman, Mitt menneske, dukkar dei same to hovudpersonane opp – og no finn dei saman. I denne boka held Rut fram med sin internasjonale karriere som biletkunstnar, medan Gorm etter kvart forlèt kjøpmannsskapet sitt og får suksess som forfattar.
Det låg slett ikkje i korta at det skulle komme ein oppfølgjar, for slik korkje tenkjer eller planlegg Wassmo. Men då mannen hennar for nokre år sidan spurde om ho torde skrive ein kjærleiksroman, tok ho utfordringa.
– Det er ingen tradisjonell, romantisk kjærleiksroman du har skrive, men like mykje ei forteljing om kjærleikens vesen og omskiftelege natur?
– Det er jo det som er interessant for meg. Der kjenner eg meg sjølv, og der kjenner eg menneska. Eg veit at levande kjærleik ikkje er gratis. Du må investere i både arbeid, finkjensle, forståing og heile spekteret av det å vere menneske. Det skal ikkje vere friksjonsfritt, då er det ikkje ekte.
Ho seier at nøkkelen til kjærleik som varar over år, er at ein ser den andre, har fysiske og sosiale vilkår for å leve saman og evne til å gi den andre tid og rom til å vere seg sjølv.
– Vi treng å utvikle oss sjølve og vekse om vi lever i parforhold. Rut var så dedikert til kunsten sin alt før ho møtte Gorm, at det hadde ikkje gått om ikkje han òg hadde sitt liv og sine draumar som han kunne byggje ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.