Det aller meste er tilfeldig

Utanom matematikken finst det knapt eit einaste livsområde som ikkje er omfatta av slump, i større eller mindre grad. Vitskapsjournalist Yngve Vogt hadde gjerne sett at fleire skjøna kva slump og sannsyn er.

I boka går Yngve Vogt inn på det han kallar «Lotto-lureriet». Sjansen for å vinne er 0,00002 prosent.
I boka går Yngve Vogt inn på det han kallar «Lotto-lureriet». Sjansen for å vinne er 0,00002 prosent.
Publisert

I si nye bok, Tilfeldig!, skriv Yngve Vogt om korleis slump styrer mykje av livet vårt. Men han har halde seg unna det religiøse. Når han har vilja skrive om det tilfeldige, er det fordi det meste av samfunnet er bygt på slump, medan folk går rundt og trur at det er eksakt.

– Det tilfeldige ligg bak svært mykje av det som skjer, men folk flest er deterministar og ser det ikkje slik. Ambisjonen min er å få folk til å skjøne denne samanhengen. Alt frå vêrmeldingar til befolkningsprognosar byggjer på slump og sannsyn.

Slump definerer han som ei tilfeldig hending, noko ein ikkje kan føresjå. Men også i slumpen kan det finnast eit mønster, som igjen kan danne grunnlag for sannsynsrekningar. Med eitt enkelt terningkast aner du ikkje kva du får, men kastar du terningen tallause gonger, er det råd å finne eit mønster i resultata du får. Det er det vi kallar «store tals lov».

Vogt er realist av utdanning og har dei siste femten åra vore journalist i forskingsmagasinet Apollon, som Universitetet i Oslo gir ut. Der skriv han om realfag og medisin. Han har tidlegare gitt ut boka Mattetriks på null komma niks.

– Kor tilfeldig er det tilfeldige? Er alt som er tilfeldig, like tilfeldig?

– Ytterpunkta er det ein kallar tilsynelatande og faktisk slump og kjernefysikk. I det første, som er den klart største kategorien, kan ein teoretisk ha total kontroll over eit eksperiment, men likevel ikkje vere trygg på resultatet. I kjernefysikken er det heilt tilfeldig kva tid eit atom gir frå seg radioaktiv stråling, det kan ingen vite på førehand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement