Kommentar

Denne maskina drep ikkje berre fascistar lenger

Spotify-investeringane i tysk våpenteknologi burde vere problematiske for fleire enn berre dei mindre kjende artistane.
  

WOODY GUTHRIE (1912-1967). American folk singer. Photographed playing a guitar that has a sticker attached reading: 'This Machine Kills Fascists.' Photograph by Al Aumuller, 8 March 1943.
Visesongaren Woody Guthrie (1912–1967) i 1943. På gitaren står det «denne maskina drep fascistar».
Publisert Sist oppdatert

I 1943 skreiv visesongaren Woody Guthrie krigsvisa «Talking Hitler’s Head Off Blues». Overvelda av glødande patriotisme og tru på songens kraft måla han etterpå med store bokstavar på gitaren sin: «THIS MACHINE KILLS FASCISTS» – denne maskina drep fascistar.

Dette gjekk, som ein seier i dag, viralt. Og det står framleis som eit symbol på at musikk kan endre verda, med større kraft enn kuler og krut.

Spotify og militærdronar

Over 80 år seinare, 25. juli i år, fjerna det psykedeliske rockebandet King Gizzard and the Lizard Wizard alle dei 27 (!) albuma sine frå Spotify. Forklaringa kom i ei oppildna pressemelding: «Ei åtvaring til dei som ikkje veit det: Spotify-sjef Daniel Ek investerer millionar i militærdrone-teknologi driven av KI.»

Oslo 20240109. Grunnlegger og administrerende direktør i Spotify Daniel Ek under Næringslivets Hovedorganisasjons årskonferanse i Oslo Spektrum.Foto: Terje Pedersen / NTB
Daniel Ek, grunnleggjar og administrerande direktør i Spotify. Her under eit besøk i Oslo i 2024.

«King Gizzard og kven?» seier du kanskje. Australiarane er kjende for ein ekstrem utgjevingsstrategi. Dei har ein stor og entusiastisk lyttarskare, og den nær åtte minutt lange mikrotonale «Rattlesnake» er den mest kjende låten deira.

Om du framleis ikkje kjenner dei, er det eigentleg litt av poenget.

Det viktige er at dei var store nok til å skape merksemd rundt Ek og investeringane hans i KI-satsinga til eit tysk militærteknologifirma. Ein digital ball byrja å rulle. Fleire kasta seg på.

Moralsk ansvar

Mange såg det problematiske i at kunsten og lyttarane skulle bidra til teknologi som kan brukast i krig. Det er semje om at investeringane til Ek er med på å finansiere våpenteknologi som kan drepe, og at det vert vanskeleg å skilje mellom strøyming og moralsk ansvar.

Men dei største artistane vart verande på strøymetenesta.

I førre veke slutta derimot triphopbandet Massive Attack seg til. Bristol-gruppa var eit av dei større banda på nittitalet, og har låtar som framleis blir mykje spelte. Ironien i bandnamnet er openberr i denne samanhengen.

Massive Attack åleine er ikkje store nok til å snu investeringane, men store nok til å få oppslag i medium som The Guardian. Dermed blir det synleg at overskotet frå verdas største strøymeteneste no er med på å utvikle våpen. Ek seier sjølv at han investerer i «forsvarsteknologi» – eit tåkeord frå ein mann som veit han er på lang moralsk sykkeltur.

Det er ikkje fyrste gongen.

Det australske bandet King Gizzard and the Lizard Wizard har fjerna alle albuma sine frå Spotify.

Artistar protesterer

Neil Young, Joni Mitchell og David Crosby fjerna musikken sin då Young peikte på at podkastaren Joe Rogan spreidde desinformasjon. Dei kom tilbake då Rogan visstnok innrømde at Young hadde eit poeng. Daniel Ek og Spotify gjorde ikkje noko.

Taylor Swift nekta i tre år å vere på Spotify før ho fekk betre betalt, og var ganske høgrøysta om det. Sannsynlegvis fekk ho det, for etter 2017 har ikkje Swift brydd seg særleg om kva selskapet driv med.

FILE - Taylor Swift performs during 'The Eras Tour' on Friday, Dec. 6, 2024, in Vancouver, British Columbia. (AP Photo/Lindsey Wasson, File)
Taylor Swift på scenen under The Eras Tour i 2024.

Artistane som har trekt seg, ynskjer større openheit om korleis investeringane vert brukte. Dei meiner Spotify og Ek har eit ansvar for å vere ærlege om satsinga på våpenteknologi og KI.

Dei fleste som fjernar musikken sin, tener så lite på Spotify at protestane ikkje får følgjer for botnlinja til det svenske selskapet.

Det triste er at dei fleste som fjernar musikken sin, tener så lite på Spotify at protestane ikkje får følgjer for botnlinja til det svenske selskapet.

Hadde verkeleg store namn teke steget, måtte både Ek og Spotify ha reagert. Daft Punk, til dømes, som sjølv utan nye utgjevingar på 12 år har nesten like mange lyttarar som Kygo kvar månad.

Spel, musikk og vald

Men dei franske robotane har nok ingen planar om å fjerne noko. Tvert imot: Denne veka dukkar dei opp i dataspelet Fortnite.

Eit såkalla Battle Royale-spel, der målet er å vere den siste spelaren som står att. Ein skal vere skikkeleg vrang for å kalle det eit valdeleg spel, andre store namn som Ariane Grande og The Weeknd har vore med tidlegare.

Ironien er til å ta og føle på: Medan mindre kjende kollegaer protesterer mot våpeninvesteringar, låner dei største stadig oftare bort namnet sitt til stader der våpen er ein del av, vel, spelet.

Pengar og makt

Medan Guthrie meinte gitaren var eit våpen mot fascismen, er musikarar i dag langt meir delte i synet på kva musikken skal brukast til.

For dei største er det lettare å lukke auga, så lenge pengestraumen held fram. Difor verkar protestane frå King Gizzard og Massive Attack mest som varsellamper. Dei minner oss om at det finst ein samanheng mellom kva vi høyrer på i øyretelefonane, og kven som får makt i verda utanfor.

Musikkmaskina drep ikkje fascistar lenger – ho tener pengar for dei som tener på å lage våpen.

Og i skrivande stund kan ein framleis høyre Massive Attack på Spotify.