JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den subjektive sanninga

Tom Wolfe fornya journalistikken og skreiv litteratur på høgaste nivå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Portrettfotografi av Tom Wolfe frå 1986. Den kvite dressen var eit varemerke for Wolfe.

Foto: AP / NTB scanpix

7273
20180810
7273
20180810

Kultur

redaksjonen@dagogtid.no

På forsommaren i år døydde Thomas Kennerly Wolfe jr., betre kjend som Tom Wolfe, 88 år gamal. Han var ein amerikansk forfattar og journalist, og slik Johnny Cash var kjend som «the man in black», var Wolfe kjend som ein som alltid, sumar som vinter, på poserande vis var ikledd kvit dress og kvite sko. Han hadde til og med kvitt interiør i Cadillacen sin. Det var ei uskuldig form for aggresjon, meinte han sjølv, som gjorde at han stakk seg ut som ein utanomjordisk skapnad når han spaserte på Broadway.

Han kom frå sørstaten Virginia, der gentlemen gjekk i kvite klede om sumaren, men budde heile livet i nordstatane. Wolfe tok ein doktorgrad i USA-studiar ved Yale, der han lærte seg sosiologi og vart kjend med Max Webers teoriar, noko han brukte i journalistarbeidet sitt, og hamna i New York, ein passande utanomamerikansk stad for ein som han.

Sanning og fiksjon

Det kan vera spesielt passande å minnast Wolfe som journalist i desse dagar når president Trump utpeikar journalistar som statsfiendar. For som journalist har Wolfe spelt ei sentral rolle frå 1960-talet av som ein av grunnleggjarane av det som vart kalla nyjournalistikk, ein stil eller ei form som var på moten fram til 1980-talet. Han var viktig for denne journalistikken både som teoretikar og som praktiserande.

Som så mykje anna med prefikset «ny» var denne forma sjølvsagt ikkje noko heilt nytt. Nyjournalistikken var berre ei av fleire former for journalistikk, men på 1960-talet vart han i somme krinsar i USA utpeika til den beste måten å realisera føremålet til journalistikken på. I tillegg skulle han erstatta den gamle realistiske fiksjonsromanen ved å nytta subjektive litterære teknikkar. Så var ikkje slik journalistikk byrjinga på det Trump kallar «fake news»? Eit slag dikting?

I prinsippet var det heilt motsett: Det som i dag vert skulda for å vera «fake news», er «vanleg» journalistikk der journalisten gjer seg usynleg i rapporteringa for å gje inntrykk av at framstillinga er nøytral og objektiv, sjølv om ho inneber både utval og skildring styrt av verdiane til journalisten. Max Weber legg tvert imot vekt på at ein forskar skal gjera dei subjektive verdiane sine kjende. Nyjournalistikk legg på si side ikkje skjul på at journalisten skriv ut frå eit subjektivt perspektiv.

Djupn og innsikt

Kva skil då nyjournalistikk frå dikting, som ifølgje Platon er «fake»? Wolfe krev at nyjournalistikken skal vera endå nærare ein ikkje-fiktiv røyndom enn vanleg reportasjejournalistikk. Nyjournalistikk skal ikkje vera einskilde og lausrivne informasjonsbitar, han skal setja informasjonen inn i narrative scenar, og desse scenane skal nyjournalisten skaffa seg djupare kjennskap til enn vanlege journalistar får høve til. Nyjournalisten skal arbeida som ein sosialantropolog og leva saman med eller djupintervjua dei folka han skriv om, så godt at han skjønar kvifor dei handlar slik dei gjer. Dette vart illustrert i den første store nyjournalistiske boka, Truman Capotes Med kaldt blod (1965), basert på omfattande studiar og kontakt med dei involverte (kriminelle) personane.

Betre enn roman

Dette oppnår nyjournalistikken nettopp av di han tek i bruk dei litterære teknikkane som romanen har utvikla, for desse teknikkane gjev nærare kontakt med og større innsikt i faktiske hendingar enn vanleg journalistisk oppramsing. I tillegg til bruken av narrative scenar nemner Wolfe sjølv teknikkar som fullstendige dialogar, bruk av perspektivet til personane og detaljert skildring av eigedelar, venner og familie, slik at dei trer fram som realistisk verkelege.

Dette er teknikkar som gjev truverd til romanar, til dømes når Dickens skildrar det elendige skulesystemet i England gjennom detaljert skildring av ein fiktiv skule. I tillegg kjem bruk av eit utprega litterært språk: nyskapande ord, dramatiske gjentakingar, oppløysing av vanleg syntaks og ikkje minst metaforar og tropar. Dette er teknikkar som gjer tydeleg at skildringa er skriven av ein subjektiv forfattar.

Men Wolfe meinte nyjournalistikken har ein ekstra føremon framfor romanen ved at lesaren veit at det som blir skildra, faktisk har hendt. I ein roman får ein allmenn innsikt på grunnlag av eit fiktivt eksempel. I nyjournalistikk får ein både konkret og allmenn innsikt på basis av eit faktisk eksempel.

Astronautsoga

Desse teoriane praktiserte Wolf kan henda aller best i den boka som gjorde han til ein rik celebritet, The Right Stuff frå 1979, om dei første amerikanske romfararane. Boka vart dessutan grunnlaget for ein Oscar-vinnande film. Opphavleg ville Wolfe skildra heile det amerikanske romfartsprogrammet fram til månelandinga, i konkurranse med ein annan nyjournalist, Norman Mailer. Men så fann Wolfe at forteljinga hadde ei naturleg avrunding etter at Mercury-programmet vart avslutta i 1963, ramma inn av forteljinga om den eigentlege helten Chuck Yeager, testpiloten som i 1947 vart den første til å bryta lydmuren, men som mangla universitetsutdanning og difor ikkje kunne verta astronaut.

«Det rette stoffet» som tittelen viser til, er ein litterær metaforisk konstruksjon: Den blandinga av mot og dugleik som testpilotar har, og som vert teken med når sju av dei vert dei første astronautane, viljuge til å reisa ut i rommet med rakettar av ein type som ofte har eksplodert. I tillegg til desse karakterane skildrar Wolfe dei heimeverande og nervøse, men stoisk ventande konene. Og han skildrar korleis det amerikanske samfunnet tek imot alle desse heltane, med paradar og medaljar.

Men i motsetnad til i filmen, som Wolfe sjølv ikkje likte, vert dette gjort på fleirtydig og ironisk, ja, sarkastisk vis, som avslører det eindimensjonale i slike heltekarakterar og i amerikansk patriotisme. Og filmen får sjølvsagt ikkje med seg det litterære språket Wolfe brukar, til dømes i den avsluttande skildringa av Yeagers styrt i ein modifisert F-104 Starfighter: «He’s dropping and the nose is still pitched up … The outside of the envelope! … well, here it is, the sonofabitch … It doesn’t want to stretch … and here we go! … The ship snaps into a flat spin.» Men Yeager overlevde og er i dag 95 år.

Stor litteratur

Ingen er fullkomen: Wolfe vart skulda for å vri på sanninga i skildringa av Gus Grissoms Mercury-tur, der døra til kapselen vart opna for tidleg etter landinga, slik at han sokk. Nyjournalismen var ikkje framand for å laga «fake news». Wolfe la òg ord i munnen på nokre av astronautkonene. Som litteratur er dette likevel på høgaste nivå.

Seinare braut Wolfe med sine eigne nyjournalismeteoriar: Han byrja sjølv å skrive realistiske romanar, noko han før hadde hevda var ein passé sjanger. Mest kjende er Forfengelighetens fyrverkeri (1987) og En helstøpt mann (1998). Eg må tilstå at eg ikkje klarte å koma meg gjennom desse. Norman Mailer og eg er samde om at Wolfe skulle ha halda seg til nyjournalistikk. Denne stilen er ikkje lenger det einaste «right stuff» i journalistikk, men har på postmoderne vis vorte tilbakeført til å vera berre ei av mange likeverdige journalistformer.

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nyjournalistikk skal ikkje vere einskilde og lausrivne informasjonsbitar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis