Litteratur
Den største omsetjarprisen til Lars Moa
Lars Moa har omsett 25 færøyske bøker til norsk, og tapt mykje pengar på det.
Lars Moa fekk denne veka Nordens største omsetjarpris, og det var styreleiar i Letterstedtska föreningen, Björn von Sydow, som overrekte prisen.
Foto: Thor Hauknes
Men denne veka fekk han litt løn for strevet. I lokala til BUL i Oslo vart han tildelt Letterstedtska föreningens store nordiske omsetjarpris på 100.000 svenske kroner. Det er Nordens største omsetjarpris, og styreleiaren Björn von Sydow kom frå Stockholm for å dela ut den gjæve prisen. Han er slett ikkje kven som helst, men tidlegare svensk riksdagspresident og forsvarsminister.
Vender ryggen til
Då Lars Moa (78) byrja å setja om færøysk litteratur, var det tre andre som dreiv med det same. Dei siste åra har han vore heilt åleine, og det har ikkje vore enkelt. Berre nokre få norske forlag syner interesse for færøysk litteratur. Dei store vender ryggen til, og Lars Moa har måtta venda seg til dei små som strevar for å overleva. To gonger har stjørdalingen måtta tola at småforlaga han har satsa på, har gått konkurs. Han reknar med å ha tapt over 200.000 kroner, men konkursane i småforlaga er årsak til berre ein del av tapet.
– Bitter av den grunn? Nei, det kan eg ikkje vera. Eg er pensjonist og har det eg treng, men sjølvsagt skulle eg ønskja at dei store forlaga hadde synt større interesse for Færøyane. Fleire viser til økonomien og hevdar at dei ikkje torer å ta sjansen, men det er ikkje store sjansen å ta.
Han seier at forlaga som oftast får utgiftene til omsetjar dekte av FarLit på Færøyane, og sjansane er store for at bøkene vert kjøpte inn.
– Omsetjarkollegaer reagerer på at eg gjev meg i kast med omsetjingar utan å ha kontrakt med forlag, men den sjansen har eg vore nøydd til å ta, seier Moa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.