På tomannshand

Den nye nasjonalbibliotekaren

Åse Wetås er til tider så ustyrleg positiv og optimistisk at ho er til plage for omgjevnadene.

Åse Wetås har tatt heisen ned frå kontora til Språkrådet og gått inn i det monumentale granittbygget frå 1914. Snart er det ho som er sjefen.
Publisert Sist oppdatert

Du verda for eit rot! Er Språkrådet på flyttefot? Skal det leggjast ned?

På dei lyse kontora i femte etasje ved Solli plass med vidt utsyn over Oslofjorden står pappesker oppstabla mellom grøne planter og villfarne kontormøblar: bøker, tidsskrift, ringpermar, blekkpatroner.

– Me har bygd om til aktivitetsbasert arbeidsplass, seier Åse Wetås blidt.

Den avtroppande språkdirektøren er kledd i svart; svarte støvlettar, svart bukse, svart genser og over han ein gråsvart blazer. Ho kler seg ofte i svart, elles mørkeblått.

– Kva er ein aktivitetsbasert arbeidsplass?

– Det vil seie at viss du driv med stillearbeid, så sit du i ei stillesone. Men viss du er litt meir sånn som meg, at du må ha masse halloi rundt deg mens du jobbar, sit du i ei open sone. Så har me det som heiter fokuskontor...

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement