JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den norske spesialiteten

1965: Stortinget oppretta Norsk kulturfond, utvida marknaden
for diktsamlingar i bokform og gjorde dei til ein norsk spesialitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
STORSELJAR. Bokklubbens Lyrikkvenner opna med 60 dikt av 50 poetar, redigert av Odd Solumsmoen og førehandstinga av 3250 medlemer. Omslag ved Hans-­Jørgen Toming.

Foto: Bokklubben

2711
20190322
2711
20190322

Ideen var sosialdemokratiet på sitt beste. Kyrkje- og undervisningsminister Helge Sivertsen (1913–86) brukte statleg marknadsmakt på uventa vis. Gjennom eit kulturfond skulle forfattarane få sikre rammevilkår, forlaga ein større marknad, biblioteka eit oppdatert utval av bøker, og publikum skulle få meir lesestoff enn nokon hadde drøymt om. Dei nye støtteordningane skulle forvaltast av Norsk kulturråd. Rådet har stort sett fått drive på armlengds avstand til kunstnarlege villfaringar hos folkevalde.

I Noreg kjem det ut mange fleire diktsamlingar enn folketal og bokmarknad skulle tilseie. I dei fleste land høyrer dikt mest til i tidsskrift og antologiar. Ei heil bok med eigne dikt er ei sak for dei få, dei beste, dei mest populære. Frå 1958 var Paal Brekke primus motor for lyrikklubben Diktets venner, skipa av Aschehoug og Gyldendal. Bokklubben fekk jamvel lokallag, og Diktets venner i Skien rundar 60 år i år. Trass i 2000 medlemer blei klubben avvikla i 1962 og ført vidare av Den norske Bokklubben som Bokklubbens Lyrikkvenner.

Alfred Fidjestøl har vist at ideen om innkjøpsordningar kom frå sjefsbibliotekar Henrik Hjartøy ved Deichmanske bibliotek i Oslo vinteren 1959. Med Norsk kulturfond blei ideen realisert. På få år dobla støtteordninga talet på lyrikkbøker. I 1950-åra gav forlaga ut i gjennomsnitt 30 lyrikkbøker i året, og av dei var 12 eller 35 prosent på nynorsk. I sitt første år kjøpte Kulturrådet i 1965 inn 43 diktsamlingar, i 1990 heile 71. Seinare er om lag 60 diktbøker kjøpte inn kvart år, av dei om lag ein tredel på nynorsk.

Mange fleire bøker kjem ut enn dei Kulturrådet kjøper inn. I rekordåret 1990 kom det ut 50 lyrikkbøker på nynorsk, og under halvparten blei kjøpte inn. Langt på veg har Kulturrådet skapt ein større marknad for lyrikk enn det Kulturrådet sjølv går god for.

Ein gong kring tusenårsskiftet endra diktsamlinga karakter. Ei diktbok skulle no helst vere noko meir ei samling av enkeltdikt. No skulle det vere samanheng, som i eit epos, ei forteljing med gjennomgåande motiv, eller i det minste eitt tema som dikta krinsa om. Eit dikt kunne vere meir enn godt nok i seg sjølv, men det var ikkje nok.

Dette skjedde få år før songlyrikken gjekk stikk motsett veg. Det komponerte albumet er blitt sjeldan vare. Kulturindustrien spreier enkeltsongar, tidsskrifta trykkjer enkeltdikt, men i bokform kjem enkeltdikta ofte til kort.

No har strøymetenestene gjort 2.30 til ny idealtid for songlyrikk.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og litteraturvitar.

Neste veke: Språkpress på kjøkkenet

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis