Historie

Den nordnorske eventyrforteljaren

– Regine Normann er Noregs svar på H.C. Andersen, slår historieprofessor Liv Helene Willumsen fast.

Regine Normann fotografert i 1927.
Regine Normann fotografert i 1927.
Publisert

I år er det 150 år sidan Regine Normann vart fødd i Mårsund i Bø i Vesterålen. Ho var den første kvinnelege forfattaren frå Nord-Noreg som nådde ut til store delar av landet. Trass i det er ho så godt som gløymt, men då ho gav ut sin sjette roman i 1912, vart han meld i 110 norske aviser. Dengang er ei kjærleikshistorie mellom ein prest og ei bondedotter, og handlinga er lagd til Vesterålen i krigsåra før 1814.

JUBILEUM

Regine Normann debuterte i 1905 og gav til saman ut 18 bøker. Historieprofessor Liv Helene Willumsen, som også kjem frå Bø, har skrive fleire bøker om Regine Normann. Blant dei er biografien Havmannens datter, som kom ut for tjue år sidan. Tittelen på boka er ei lett omskriving frå Normanns eventyr som ho kalla Havmannens sønn. Midt på 1920-talet gav Regine Normann ut to samlingar med kunsteventyr, det vil seia eventyr som ho dikta sjølv.

I dag rår Willumsen dei som ønskjer å lesa Regine Normanns bøker, til å byrja med debutromanen Krabvaag frå 1905, som er ei skildring av livet i eit lite fiskevær i Vesterålen. Ho trekkjer også fram dei to eventyrsamlingane som Normann gav ut på 1920-talet. Eventyra vart svært populære blant borna, men fleire vender seg både til born og vaksne.

– Etter at debutromanen kom ut, vart Regine Normann kjend som Nordlandets forfatterinne, og med autoritet kunne ho uttala seg om fiskarar og småkårsfolk i nord, fortel Willumsen.

Fleire av Regine Normanns romanar har sjølvbiografiske trekk. Ho skriv både om born som vert sette bort, og om ei lærarinne frå Nord-Noreg som arbeider i Kristiania. Mange av romanane har kvinnelege hovudpersonar, men den tematiske variasjonen er stor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement