Musikkommentar

Den einaste som verkeleg kan gjere noko med KI-musikken, er Spotify

  

Skjermbilete av YouTube-kanalen til KI-artisten Jacub, som no ligg på topp på streaminglistene i Sverige.
Publisert Sist oppdatert

Medan eg skriv dette, 12. januar 2026, er den mest populære låten på Spotify i Sverige laga av artisten Jacub. I løpet av døgnet fram til eg sette meg ned for å skrive, er låten «Jag vet, du är inte min» spelt 118.575 gonger.

Det er elles ei ganske pussig liste, slik hitlistene har blitt etter streaming. Nummer tre er artisten Djo, betre kjend som Joe Keery, skodespelaren til karakteren Steve i Netflix-serien Stranger Things. Han er der med ein låt frå 2022. Ein svensk barnesong frå 2020 er på andre, medan Zara Larsson-låten «Lush Life» frå 2017 er på femte. Sjølvsagt er Taylor Swift på topp fem – «The Fate of Ophelia» held seg på ein fin fjerdeplass.

Tre av desse er òg i toppen globalt og her i Noreg. Barnesongen er ikkje det. Jacub ligg langt nede på den norske lista. Men han toppar altså i Sverige. Noko han har gjort ganske lenge.

Eller han og han. Jacub er ikkje ein artist.

«Jag vet, du är inte min» er ein mjuk og fingerspelt gitarsong med ei varm mannsrøyst. Jonas Bonnier i Expressen, som var den fyrste som skreiv om dette, kallar det «som att blanda Avicii med Mumford and Sons, och så låter man Albin Lee Meldau sjunga».

Det er ei god oppsummering. «Jag vet, du är inte min» er fengande synkopert, som Avicii-songen «Wake Me Up», med eit arrangement som den masete banjodrevne stadionfolken til Mumford and Sons. På YouTube-kontoen til Jacub kan ein sjå video med klipp og tekst til songen. Alt saman – musikk, video og song – er KI-generert.

Jacub er ein KI-artist. Og han er på topp i Sverige på «mest spelt»-lista. I Noreg er han på andre på «mest delt»-lista. Som vanleg er svenskane føre si tid. Her kjem ein haug med tal, du treng ikkje hugse dei, men dei er sentrale for å forstå kva som skjer. Jacub har 658.983 månadlege lyttarar på Spotify. Marstein i Undergrunn har 457.844. Hagle har 547.693. Tobias Sten, ein av dei største norske artistane i 2025, har 624.113. Poenget er at det er mange som høyrer på Jacub, og med lyttarar kjem det pengar.

Etter at det vart kjent at det norske KI-bandet Vestavind skulle spele på festivalar i Noreg, kommenterte mellom anna leiaren i Creo og styreleiar i NOPA Ole Henrik Antonsen at ein må få reglar for KI-musikk. Jacub-suksessen i Sverige syner at eit statleg pålegg om dette ikkje er nok. Det hjelper heller ikkje å seie til folk som lyttar at dei må skjerpe seg. Me må ansvarleggjere dei som faktisk kan gjere noko: Spotify.

Ja, eg veit at det finst andre strøymetenester, men Spotify er den udiskutabelt største og må ta ansvar som marknadsleiar.

Her er difor tre grep Spotify kan gjere – gjerne i morgon – for å stoppe spreiinga av musikk:

  1. Musikken må ha ekte namn på artist og musikarar og produsent. Det må vere mogleg å finne dei, anten ved websøk eller på ei eiga Spotify-side – slik dei har infosider om låtskrivarar no. 
  2. Omslag kan ikkje vere KI-genererte. Når ein lastar opp omslagsbilete, kan ein algoritme anslå kor sannsynleg det er at bileta er laga med KI. Til og med ChatGPT kan anslå dette. Eg kan som oftast sjå det sjølv. 
  3. Musikken må vere lasta opp via eit distribusjonsselskap som Spotify har godkjent, som står ansvarleg for at musikken som er KI-generert, vert markert som KI-generert. 

Trur eg at Spotify har interesse av å gjere dette? Tvilsamt. Spotify eksisterer for å tene pengar. Forretningsideen til Spotify er distribusjon, ikkje musikk. 

Og ja, forslaga mine er ikkje å forby KI-musikk, men å lage eit system som viser kva som er menneskeskapt, og kva som er maskinskapt. Sånn sett er dette eit like vanskeleg område som Perfect Fit Content-musikken Spotify har hatt inne i systemet i fleire år. Perfect Fit Content er funksjonell bakgrunnsmusikk laga for spelelister, humør og aktivitetar, optimalisert for algoritmar framfor artistisk eigenart. Så effektiv har musikken vorte at det i haust vart oppdaga ein Perfect Fit Content-låt av artisten Hara Noda på NRK Jazz. Han er ein artist som sel royaltyfri musikk på Epidemic Sound, ein leverandør av slik musikk til Spotify. Altså musikk som er laga for at folk skal fortsetje å lytte, men ikkje høyre etter. NRK hadde ikkje fått det med seg. 

Slik ultraprosessert musikk vil det berre verte meir av i tida framover. Men til skilnad frå eteråd, skjermtidråd og alle andre råd som me får, finst det framleis ingen råd mot KI-skapt musikk. 

Ironien med Jacub er røysta, som Jonas Bonnier i Expressen seier høyrest ut som Albin Lee Meldau. Meldau hadde ein monsterhit med «Josefin» i 2021, som så vart tolka av Anna Ternheim i den svenske versjonen av Hver gang vi møtes året etter. Før norske Delara omsette han til norsk i 2023. Då vakna influensaren Oskar Westerlin og laga sin eigen versjon. Med KI. Til hans forsvar: Westerlin brukte eit bilete av seg sjølv som omslag. Og merkte songen med KI-cover. 

Meldau har dessutan over dobbelt så mange månadlege avspelingar som Jacub på Spotify. Spørsmålet er når det vert motsett.