Litteratur
Den andre sida av sorga
Etter å ha skrive ei rekke kritikarroste noveller og ei bok om stor smerte, var det på tide å gi ut litt bygdekrim på dialekt.
Therese Tungen har gitt ut si fjerde bok og sin første roman.
Foto: Marita Liabø
Therese Tungen skriv røft, usminka, ikkje så ulikt Karin Smirnoff og Carl Frode Tiller. Folk drikk og spyr og drit og slår. Av og til må ein snu seg bort; det er så vondt, det vi får sjå. Samtidig finst det alltid omsorg og kjærleik.
I novella «Ungane», til dømes, frå 2017, må tre barn klare seg sjølve då mora reiser frå dei i jula. Straumen går, dei frys og svelt, og minstemann frys fast tunga og blir alvorleg sjuk. Dei vågar ikkje be om hjelp av frykt for å bli tatt av barnevernet og skilde.
– Akkurat den novella kunne eg ikkje ha skrive i dag, seier ho.
– Å skrive om ei vaksen kvinne som mista søster si då ho var ung, er noko anna. Å la ungar gå gjennom noko så hardt, klarer eg ikkje no, etter at eg mista Edvin.
Sorgarbeid
Vi kan ikkje snakke om forfattarskapet til Tungen utan å komme inn på sonen Edvin. Han og storesøstera var på setra i lag med besteforeldra då han fekk hjernebløding. Foreldra renoverte leilegheita i Oslo, der Edvin fekk sitt eige rom. Få timar seinare, 10. august 2020, døydde han på Rikshospitalet, seks år gammal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.