JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2199
20161209
2199
20161209

Den 10. juni fylte ein av Noregs største diktarar, Arnold Eidslott, 90 år. Vi ynskjer han til lukke med overstått dag. Å stige inn i Eidslotts poesi er som å stige inn i ein katedral. Motsetnader som patos–kvardag, språkdikt–røynsledikt, diskusjonar som har styrt poesi?debatten dei seinaste tiåra, forsvinn som dogg for sola i møte med Eidslotts monumentale vers. For Eidslott er dikting ei sak mellom Gud og diktaren – og ålesundingen med det vemodige åsynet legg ingenting imellom når Gud kallar han til poetisk skaping. Titlar som «De gamle mestere», «Krusifikset blør», «Årene i Leipzig» (sjølvsagt om Bach) vitnar om at det er tale om alvorlege saker.

For Eidslott er den metafysiske inspirasjonen eit faktum. Inspirasjonen berre er der, basta. For mange år sidan møtte eg Eidslott; eg diskuterte nett inspirasjonen med han. Det var ein uventa samtale, for det var ikkje eit møte med eit religiøs, forkynnande åndsmenneske, men ein ivrig, interessert mann, huga på å fortelja om den konkrete diktarprosessen.

Han drog snøgt ut ei lita, fillut notisbok frå innerlomma på jakken. «Denne har eg alltid med meg, for kjem inspirasjonen, må eg vera budd; det er er dikta som brukar meg, ikkje eg som brukar dei», sa han.

Eidslott var telemontør ved Ålesund telefonanlegg gjennom det yrkesaktive livet sitt. Yrket hans kan nærast forståast symbolsk – med notisbok i innerlomma – var han også der klar for «strømmene i luften», som det heiter i «Diktet». Eg vil dra fram dette diktet, for det viser ei anna side ved Eidslott enn den vi er vane med: «Diktet» frå samlinga Flukten til katakombene (1982) fortel korleis diktarinspirasjonen tér seg. Han kan dukke opp når som helst, og då gjeld det å vera «lydig» og skrive ned. Ordet inspirasjon kjem frå latin inspirare som tyder ‘blåse eller ande inn’ – nett den rørsla ei «vindrosse» har.

«Det er ein guddom i oss, og vi gløder på hans oppmoding», skreiv den romerske diktaren Ovid i «Fasti» i år 8 e.Kr. For Eidslott er tid og teknologisk utvikling uinteressant i dette perspektivet. Om «Diktet» er enkelt og konkret, målber det same synet på poesi – to tusen år etter Ovid.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er litteraturvitar og vikarierer i diktspalta.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis