Dei fordømde motstandsfolka

Dei siste åra har stadig meir komme fram om motstandskampen kommunistane førte under krigen. Historikar Terje Halvorsen har laga ei framstilling av innsatsen det lenge ikkje skulle snakkast om.

Røyk stig til vêrs frå transformatorfabrikken A/S Per Kure på Hasle i Oslo etter ein sabotasjeaksjon utført av Osvald-gruppa i 1944.
Røyk stig til vêrs frå transformatorfabrikken A/S Per Kure på Hasle i Oslo etter ein sabotasjeaksjon utført av Osvald-gruppa i 1944.
Publisert

For Terje Halvorsen (79), professor emeritus i samtidshistorie ved Høgskolen i Lillehammer, har dette vore eit livsprosjekt. Han hadde foreldre og slektningar som var engasjerte i motstandskampen, og sjølv har han forska på og skrive om ulike sider ved denne historia i mange samanhengar. Når han så skulle lage ei stor oppsummering av det han sjølv og andre har gjort av forsking på dette feltet, fekk boka den talande tittelen Forfulgt, fordømt og fortiet.

Dei kommunistiske motstandskjemparane blei ikkje berre forfølgde av Gestapo. Dei blei fordømde av heimefrontleiinga som «uansvarlege», og i stor grad blei innsatsen deira tagd i hel etter krigen. Då det «autoritative» verket Norges krig 1940–1945 kom ut få år etter krigen (første bandet kom i 1947), var ni av dei tusen sidene i verket vigde innsatsen til kommunistane. Kommunistleiaren Peder Furubotn var ikkje nemnd med eitt ord, heller ikkje storsabotøren Ragnar Sollie («Pelle»). Asbjørn Sunde er kort omtalt for ein sabotasje han utførte «på bestilling» av Milorg, men ingen av dei andre dristige aksjonane han og folka hans gjennomførte, vart nemnde.

Terje Halvorsen forklarar dette dels med den kalde krigen, der kommunistane i aust var det store trugsmålet, dels med at det gjennom krigsåra var sterk usemje mellom Noregs Kommunistiske Parti (NKP), som gjekk inn for «aktiv motstand», og leiinga av den sivile heimefronten, som var imot valdelege aksjonar. Dessutan var det lenge slik at leiarar i Milorg og heimefronten skreiv eigne bøker om krigsåra, der kommunistane heller ikkje fekk noka viktig rolle. Historikarane var seint ute med å skrive om motstandsrørsla, og dei få som gjorde det, fekk så å seie «monopol på sanninga». Og media gav det same biletet.

At NKP også hadde eit velorganisert fluktapparat under krigen som hjelpte kring 8000 menneske over grensa, både jødar, kommunistar og andre, blei det heller ikkje gjort noko nummer av. På dette området fungerte samarbeidet med heimefronten.

Forbode

– 22. april 1940 var NKPs standpunkt ei militær kapitulasjonslinje, etter tidlegare direktiv frå Moskva. At partiet slik fall styresmaktene i ryggen medan kampane stod på, må ha vore øydeleggjande for partiet både under og etter krigen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement