Kommentar

Dagen vår kjem

To konsertar i New York sist fredag viste to sanningar om kva det vil seie at musikk er politisk.

DJ Provai i Kneecap ber finlandshette med fargane i det irske flagget. Her opptrer gruppa på Glastonbury-festivalen i England.
Publisert

Filmen Kneecap, som gjekk på kino i vinter, er noko så uhøyrt som ei underhaldande forteljing om språkpolitikk og britisk kolonisering. Det er ei opphavshistorie om Belfast-bandet Kneecap, som spelar seg sjølve der dei kjemper for retten til å nytte irsk, sitt eige språk, i kvardagen. 

Det er ein underhaldande og tankevekkjande film med same tempo og kjensle som britisk film frå nittitalet, om nokon som angrip Storbritannia for å ha okkupert landet deira, som ein parallell til at dei på scena òg støttar Palestinas kamp mot Israel.

I november 2024 hadde trioen konsert i London. Nokon i publikum kasta eit Hizbollah-flagg opp på scena. Det finst bilde og videoar av at bandmedlemmen Mo Chara held det knallgule flagget, men kva han så gjorde, er folk ikkje heilt einige om. 

I april i år snappa det britiske antiterrorpolitiet opp skuldingar om at Kneecap hadde ropt støtte til terrororganisasjonane Hamas og Hizbollah på konserten. Det nektar bandet for.

Eit uvanleg grep

Då rettssaka starta 26. september, vart skuldspørsmålet ikkje realitetsbehandla. Saka vart forkasta av dommaren på grunn av ein teknisk feil, og ho er no anka av påtalemyndigheitene. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement