Bok

Dagbok for mange hjarte

2000: Tre forfattarar skreiv dagbøker om eige liv og verk frå 1830 til 1994. Dei forstod at skriftene ein dag ville bli offentlege.

NEWS OF THE UNIVERSE. Olav H. Hauge med «poems of twofold consciousness», redigert av Robert Bly, i 1982.
NEWS OF THE UNIVERSE. Olav H. Hauge med «poems of twofold consciousness», redigert av Robert Bly, i 1982.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Vêret var strålande sol. Ingen sa noko. Etter kvart reiste nokre seg og gjekk stille ut. Ein forfattar på første rad var den siste som reiste seg. Då var det gått fem minutt sidan siste applaus. Henrik Mestad var komen inn att, litt skjelven, og tok til å samle saman arka som låg spreidde utover på det gamle skrivebordet og det nye scenegolvet. Siste setninga dirra i minnet mellom tårene. I fem kvarter hadde publikum høyrt Henrik Mestad framføre utdrag frå dagbøkene til Olav H. Hauge (1908–94). Mestad hadde lagt stemma si tett nok inntil Hauges til at den siste setninga, skriven 16. mai 1994, opna for alt: «Vêret var strålande sol.»

Saman med Ola E. Bø hadde Sverre Tusvik redigert tekstutvalet frå dagbøkene som først var i sal seks veker seinare. Skrivehefta som Hauge skreiv dagbok i, låg framme, så omgangskrinsen visste kva han dreiv med. For dei fleste lesarane hans var overraskinga stor.

Noko av den same reaksjonen kan lesast ut av avisomtalane då Reidar Djupedal i åra 1957–60 gav ut Brev og Dagbøker av Ivar Aasen. Ein del brev og utdrag frå reisedagboka hans hadde alt stått på trykk, men dette var så mykje meir, like frå 1830 til 1896. Difor er det noko heilt anna å forstå livsverket hans no enn det var dei første 50 åra etter at han døydde.

Å skrive dagbok er å lese seg sjølv. Dagboka blir meir og meir den einaste eg har å snakke med, sukka Arne Garborg i dagboka si sommaren 1918. Han døydde i januar 1924, og same hausten gav kona Hulda ut dei tre første av seks band Dagbok 1905–1923, kraftig redigert av henne.

Berre ein dryg månad etter at Arne Garborg døydde, tok Olav H. Hauge til å skrive det som blei 4000 sider Dagbok 1924–1994. I bokåret 2019 fullfører Øystein Hide si store avhandling om Hauges dagbok. Den les han inn i ein amerikansk litterær tradisjon som formidling av kvardagsrøynsler med mål om å etablere sjølvkunnskap og meining i det skrivne. Garborgs dagbok les Hide mest som eit sjangerforsøk, medan Aasens Optegnelser er såkalla diarium som festar hendingar i tid og rom, ikkje ein journal med refleksjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement