Då revolusjonen vart røysta ned

Når ein lærar døyr, er det ikkje berre eit menneske som går bort.

Ein lærar lèt etter seg liv som er vortne endra i læreprosessen, der nett læraren er ein nøkkelfigur, som professor Isaac Kramnick.
Ein lærar lèt etter seg liv som er vortne endra i læreprosessen, der nett læraren er ein nøkkelfigur, som professor Isaac Kramnick.
Publisert Sist oppdatert

Vi veit alle at lærarar ikkje berre skal formidla og forklara eit stoff. Dei skal òg med personleg veremåte, eigen stil og engasjement få elevane til å skjøna kva erkjenning er, kva som er gleda ved å læra, korleis det er ein samanheng med det du veit og skjønar, og kven du er som menneske. Å sjå handlingar som ei naturleg følgje av erkjenning.

Å utvikla denne nyfikne sida ved den einskilde er hovudmålet til pedagogikken, slik eg ser det. Eksamen er ein konsekvens av dette, ikkje omvendt.

Bård skulemeister hjå Bjørnson var både frykta og elska. Å ha autoritet som pedagog er eit privilegium, men det inneber òg eit tungt ansvar, for du rører ved livet til andre. Bård skulemeister vart hugsa i kraft av alt dette.

Nett desse tankane gjer at eg i dag vil dela nokre minne frå tida mi som student ved Yale i USA frå 1969 til 1975. Det gjer eg fordi eg akkurat fekk melding om at ein av dei flottaste professorane eg hadde der, Isaac Kramnick, nett er avliden, 81 år gamal.

Kramnick var eit ideal. Med spesialemna politiske ideologiar, revolusjonsteori og britisk-amerikansk politisk teori, især på 1700- og 1800-talet, tok han oss med i dei politiske grunnspørsmåla. Ikkje tilfeldig var tittelen på kurset eg tok hjå han den fyrste tida på Yale, «Det filosofiske grunnlaget for aktuelle politiske stridsspørsmål».

Det handla om sivil ulydnad (me las om Henry Thoreau ved Walden Pond), svart frigjering (me las Black Panther-ideologen Eldrige Cleavers Soul on Ice før han vart høgreideolog), Herbert Marcuses essay om «repressiv toleranse» (skjøna ikkje då kor totalitært det er), om borgarløn, om anarkisme og politisk autoritet (anarkistar vil ha bort all autoritet, som kjent), om politisering av universiteta (eit frampeik om debatten i dag om ytringsfridom på dei høgare lærestadene), om fridom (me las John Stuart Mills flotte essay frå 1859) og om høgsterett og lovoverprøvingsretten i USA som me ikkje har i same omfang her heime.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement