Grønland

Folketingsvalet sett frå Grønland

Den 31. januar fekk den grønlandske regjeringa ein rapport, som vurderer om spiralsaka kan reknast som eit folkemord. No krev politikar i valkamp at rapporten må verte kjent før folketingsvalet.

Regjeringssjef på Grønland Jens-Frederik Nielsen
Publisert Sist oppdatert

Sju veker har gått sidan ei ekspertgruppe sett saman av ekspertar på menneskerettar, urfolksrettar og folkerett overleverte ein rapport om den såkalla spiralsaka til den grønlandske regjeringa. 

21. januar opplyste den grønlandske regjeringa til Dag og Tid at regjeringa vil bruke tid på intern handsaming av rapporten, som også skulle omsetjast frå engelsk til grønlandsk. 17. mars opplyste regjeringa at det enno ikkje var sett ein dato for når rapporten skal offentleggjerast.

Både på Grønland og i Danmark er det stor spenning knytt til innhaldet. Ekspertane skal nemleg vurdere om spiralsaka kan definerast som eit folkemord. Å vurdere saka som eit mogleg folkemord er ein del av eit breiare mandat, som er å avdekkje om menneskerettar eller urfolksrettar har vorte krenkte. 

Det er knapt naudsynt å nemne at konklusjonen kan påverke forholdet mellom Danmark og Grønland. Fleire sentrale grønlandske politikarar har alt omtala spiralsaka som eit folkemord på det grønlandske folket.

Regjeringsdrama før folketingsval

Den 24. mars er det folketingsval i Danmark, der Grønland har to representantar. No krev grønlandske opposisjonspolitikarar at ekspertrapporten vert lagd fram før valet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement