Natur og samfunn

Når ei elv tek ordet i Frankrike

Sundag 22. mars er det verdas vassdag og dimed eit høve til å tenkje over tilhøvet vårt til ferskvatn. Er det så sjølvsagt som det ser ut ved fyrste augnekast? Tilstanden i Loiredalen i Frankrike inviterer til perspektivskifte på elver og vatn.

  

Stolen til Loire-elva under høyringa 26. februar 2026.
Publisert Sist oppdatert

Ute skin sola denne torsdagsmorgonen i slutten av februar, og temperaturen ligg opp mot tjue gradar, godt over normalen for årstida. Salen på den offentlege arrangementsplassen Le Point H^UT i den vesle byen Saint-Pierre-des-Corps i Loiredalen er fullsett under det høge taket. Men på fyrste rad står éin stol tom og vender meg ryggen. På stolen står det eit namn: «Loire». 

Om dryge to veker er det kommunestyreval i Frankrike, og elva har sendt eit brev til lokalpolitikarar langs løpet og nedbørsfeltet sitt. I dag skal fjorten av dei presentere svaret sitt.

Den ville elva

Eg ventar i spenning til den offentlege høyringa skal byrje. Eg er vaksen opp ved Loire på 1990- og 2000-talet, og det er ved henne eg som barn og ungdom vart kjend med verda til fuglane. Eg og millionar av andre menneske skuldar elva mykje, for eksempel drikkevatn og straum. I 2000 vart også ei strekning på om lag 280 kilometer langs elveløpet ført opp på verdsarvlista til Unesco, fyrst og fremst på grunn av den verdifulle arkitektur- og kulturarven. Både barndomsbyen Blois, Saint-Pierre-des-Corps og den større nabobyen Tours ligg i det freda området. 

Loire er over 1000 kilometer lang og renn frå kjelda i Massif Central til Atlanterhavet ved Nantes og verftsbyen Saint-Nazaire. Ho vert kalla både «den ville elva» og «den kongelege elva».

Der eg har stått på breidda, eller ein sjeldan gong på ein av dei tradisjonelle seglbåtane med flat botn, har fargane over elva og evna hennar til å skifte frå å vere ei glasklår flate til grumsete straum, utan nokon gong å slutte å renne, vore kvardagen: Slik sett har ikkje to dagar ved henne vore like.

Ein tradisjonell elvebåt (februar)

Men ein ting eg aldri har gjort, er å bade i henne, det var forbode. Og forbodet verka så naturleg at eg aldri lurte på kvifor det galdt. I oppveksten min såg eg heller aldri nokon bade i Loire. Det skulle ei vitjing til denne heite sommaren 2025, det surrealistiske synet av folk som sumde i elva ved Blois – og eit lite barn som spurde kvifor det ikkje var lov å bade, medan folk openbert gjorde det – for at eg skulle finne ut kvifor. Forbodet vart innført på 1970-talet etter at nitten barn frå den vesle byen Juigné-sur-Loire hadde drukna medan dei var ute med friluftsskulen sommaren 1969. Grunnen dei stod på, hadde plutseleg rasa under føtene på dei. 

I seinare tid har også aukande førekomstar av giftige blågrøne bakteriar bidrege til å gjere Loire utilgjengeleg for bading. I det større biletet er forureining ei av dei mange utfordringane elva som økosystem må forhalde seg til. Slik er Loire for oss – både nær og utilrekneleg, vill og utnytta.

Brev

Medan vi ventar til seansen formelt skal byrje, les eg brevet Loire har sendt til kommunepolitikarar. Det strekkjer seg over éi A4-side:

«Eg er Loire-elva og vassdraga som er knytte til henne. Eg kryssar byane dykkar, renn langs nokre av dei og trugar stundom andre. […]
Eg røystar ikkje, men eg kryssar mandata dykkar.
[…]
Kva for ein plass held de for meg i byprosjektet de ber fram?
[…]
Eg er Loire.
Eg har halde auge med dykk lenge.
Eg skriv til dykk i dag.

På vegner av Loire,
Loire-parlament
www.parlementdeloire.fr»

Høyringa er arrangert av «le Collectif vers un Parlement de Loire», som kan verte omsett til «Kollektivet i retning Loire-parlament», eit fellesskap som fører saman fleire organisasjonar, nokre med statleg forankring, andre ikkje-statlege. 

Sidan 2019 har kollektivet utforska moglegheiter for at ho skal verte handsama som eit rettssubjekt, og ikkje som eit rettsobjekt. Inspirasjonen kjem både frå rettsteori, antropologi, filosofi og konkrete eksempel verda rundt, med New Zealand i spissen. Der vart den 290 kilometer lange elva Whanganui anerkjend som juridisk person gjennom eit vedtak i parlamentet for nøyaktig ni år sidan, den 20. mars 2017. 

Med den formelle anerkjenninga kom ei rekkje institusjonelle endringar og tiltak som syter for at elva får kvalifiserte talerøyr: folk frå den lokale maoristamma, som har levd ved og med henne i over 700 år, og som er i stand til å vidareføre perspektivet hennar. 

Franske tilhøve langs Loire, der urfolk er fråverande, ligg langt frå den newzealandske røynda. Ei viktig oppgåve kollektivet har sett føre seg, ligg i betre å forstå kven som er «Loire-folket». For kort tid sidan trudde arkeologar at dei endeleg hadde funne ein førkristen guddom knytt til elva, i form av vinguden Dionysos-Sabazios. Men det synte seg ikkje å stemme, og undersøkingane må halde fram. 

At ein slik guddom må finnast, verkar logisk, i den grad mellom anna gallarar og gallo-romarar ofte knytte ein guddom til kvart vassdrag. Sjølv om det er unikt på grunn av den sterke lokale forankringa, skriv tiltaket i Loire seg inn i ei global rørsle for anerkjenninga av naturrettar.

Ein heit sommarføremiddag.

Teoretisk grunn, konkrete effektar

Parlamentet vil vere ein arena der røysta til elva skal verte høyrbar, og høyrt. Men vegen dit er lang og usikker, slik namnet «Kollektiv i retning Loire-parlament» tyder. Augneblinken kjennest derimot svært handfast, med eit sekstitals menneske av kjøt og blod samla mellom fire harde veggar. Her er både aktivistar, byråkratar, realfagsfolk og politikarar samla. I tillegg har ein stor skjerm vorte sett opp. 

Somme politikarar som skal svare på brevet, har ikkje kunna kome til Saint-Pierre-des-Corps, nokre av dei på grunn av flaum. Tilstandar som i denne februarmånaden har ikkje oppstått sidan 1959. Denne gongen er det eit usedvanleg sterkt nedbørsregime og jord som er metta med vatn, som forklarar vasstanden. Overalt langs elveløpet er bilvegar overfløymde, og i nokre kommunar er dei materielle skadane omfattande. Det heile verkar som ei ny påminning om at klimaendringar er ei handfast røynd i Loiredalen, og dette påkallar eit paradigmeskifte i måten menneske forheld seg til naturen på. 

Denne overtydinga om at vi må øve på å kome oss bort frå eit sterkt menneskesentrert perspektiv på naturelement og andre levande vesen, er grunnleggjande i tiltaket og gjer eksempelet interessant.

Her skal vassdrag, insekt, tre og fuglar få plass i politikken. Parlamentet støttar seg også på teoretisk grunn: Arbeida til filosofen Bruno Latour (1947-2022), antropologen Philippe Descola (f. 1949) og jurist og forfattar Camille de Toledo (f. 1975) blir sette ut i praksis. Dei har argumentert for at tida er inne for å byggje ned det gamle skiljet mellom natur og kultur som kjenneteiknar vestlege samfunn. 

Når eg no sit og stirer på orda frå Loire i brevet, kjenner eg kor kraftfull bruken av eg-pronomenet er. Openbert har fjorten politikarar også teke orda frå elva på alvor. I det store biletet verkar talet ørlite – nedbørsfeltet til Loire rommar om lag 7000 kommunar. Like fullt vitnar det om påverknadskraft.

Slik det skal syne seg, har eksperimentet kome eit stykke på veg, alt med ein del konkrete følgjer. Av dei fjorten lokalpolitikarane som svarar på brevet frå Loire, kjem fire frå Tours, ein mellomstor by med 140.000 innbyggjarar der parlamentet har hatt sterk forankring. Nokre kjem med konkrete planar, som at bønder skal oppfordrast til å pløye perpendikulært i høve til bakkeretning for å betre flaumsikring, andre snakkar meir abstrakt. Ein annan uttrykkjer skepsis til tiltaket, men kjem like fullt med eit detaljert svar på brevet. Ikkje alle talar i futurum. Orda til representanten for det avtroppande grøne byrådet i Tours levandegjer ein slags framtidsby, sjølv om han nett talar i for- og notid. 

I 2024 gav byrådet i Tours æresborgarskap til Loire. I 2025 vart fyrverkeriet som tradisjonelt vart skote frå ei øy på nasjonaldagen 14. juli, erstatta med droneshow. Ein av dei fremste grunnane til dette er omsynet til ternene som hekkar på øya, og som i alle tiår har måtta betale den høgaste prisen for fyrverkeriet: overleving og vellukka letting av neste generasjon. Ifølgje byrådsmedlemen er sjølv den fyrste flukta til årets ungfuglar vorte til ei framsyning som folk ser på frå den nyleg bilstengde brua som går over Loire. 

Det vert spanande å følgje med kommunevalet i Tours. I den nasjonale avisa Le Monde kan ein lese at særleg tiltaka det raudgrøne byrådet har innført mot biltrafikk og for revegetering av byen, vert angripne.

Same området i Blois fotografert om sommaren (sandøyer)
og vinteren (flaum)

Augestikkaren trumfar mennesket

Neste dag møter eg Bruno Marmiroli, som er direktør for det tverrinstitusjonelle forvaltningsorganet mellom Unesco, den franske staten og ulike ikkje-statlege organisasjonar, «Mission Val de Loire» i Tours. Klimaendringar, med blant anna lengre og meir intense tørke- og flaumperiodar, endringar i vinavlingar og i stabiliteten i jordsmonnet, og det store tapet av biologisk mangfald har vore dei utløysande elementa for parlament-eksperimentet, der Loire no har makta å tale til lokalpolitikarar: «Vi hadde ikkje engasjert oss kollektivt viss ikkje dei institusjonane, reglane og lovane som finst hadde gjeve effektive svar på dei ulike krisene.» Slik vart «den institusjonelle fiksjonen» om Loire-parlamentet til.

Før eg dreg, stiller eg han eit siste spørsmål. I sommar, då elva var svært låg og regionen vart ramma av sommarens andre hetebølgje, hadde eg lese at det var tale om å opne for bading på utvalde plassar i Loire. Marmiroli nikkar, og fortel at nyare vitskaplege undersøkingar har synt at Loire ikkje er så farleg som ho har vorte framstilt. Men det er også eit faktum at omfattande sedimentuttak til betong i gullalderen for utbygging og infrastrukturutvikling mellom 1960- og 1980-talet, har endra straummønstera hennar. Og bading i nærleiken av bruer er farleg, på grunn av rørslene stolpane tving vatnet i. Folk veit for lite om det og dei fleste ulukkene hender nett ved bruer.

Når det gjeld bading, er det igjen byen Tours som har innteke ei banebrytande haldning. For nokre år sidan vart eit område vurdert som ein god og trygg badeplass. At ein opnar for bading i Loire, er ein liten revolusjon og ein av dei konkrete kjernesakene til Loire-parlamentet. Tanken er på den eine sida at moglegheita for å bade er ein del av svaret på temperaturauken. På den andre sida handlar det også om å gjenopprette, eller danne, sterkare band mellom menneska og elva. Men det vart også funne ein freda augestikkar på same plassen, noko som kravde ytterlegare utgreiingar. I regionen har nokre av dei fremste trugsmåla for augestikkarar vorte tørke, drenering og forureining. Tjuefem artar med markert nedgang har anten vorte vurdert som truga eller regionalt utdøydde.

– Kva for ein art var det, og korleis har det gått? spør eg Marmiroli. Han svarar med eit smil:

Le gomphe à pattes jaunes [Gomphus flavipes, på svensk större klubbslända og på dansk gulbenet flodguldsme – arten har ikkje fått norsk namn journ.merk.], ja. Han vann, han vart påvist der, og plassen som var tiltenkt bading, synte seg å vere viktig for han, så då stoppa alt. Vi må leite etter ein ny plass.  

Og etter fyrste valrunde sundag 15. mars ligg dei grøne i teten i Tours med nesten 35 prosent av røystene.