Då det juridiske Noreg svikta Grunnlova
Styresmaktene viste større vilje til å setje sentrale rettstryggleiksgarantiar i Grunnlova til sides enn evne til å halde dei høgt under rettsoppgjeret i Noreg etter 1945.
Eit billass med landssvikdømde i 1945 på veg til ti års tvangsarbeid.
Foto: NTB scanpix
Rettsoppgjeret jussnestoren Johs. Andenæs i si tid kalla «et eventyr», får ein heilt annan karakter i boka Grunnlovens største prøve. Rettsoppgjøret etter 1945. Rettshistorikar og lektor ved Kragerø læringssenter, Lars-Erik Vaale, har saumfare norske og utanlandske arkiv og bibliotek etter eit utal primær- og sekundærkjelder som til no har vore lite nytta i forskinga.
Medforfattar, statsvitar og professor ved Universitetet i Tromsø, avdeling Harstad, Baard H. Borge, seier at arbeidet dei to har utført saman, representerer det første forsøket på å analysere tilhøvet mellom Grunnlova og praksisen i rettsoppgjeret frå ein fleirfagleg ståstad.
Tre prinsipp
Dei viktigaste spørsmåla rettsoppgjeret reiste i samband med Grunnlova, fortel Borge, gjeld tre sentrale prinsipp:
Maktfordelingsprinsippet, slik det er nedfelt i paragrafane 3, 49 og 88. Under rettsoppgjeret var dei konstitusjonelle grensene mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt til tider meir flytande enn faste.
Prinsippet om ingen dom utan lov, inga straff utan dom (paragraf 96). Behandlinga av tyskarjentene og tusenvis av NS-medlemmer og avgjerda om å ta frå landssvikmistenkte røysteretten utan at dei var sikta, er døme på brot med dette prinsippet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.