Kulturkommentar

Bruce Springsteen har ikkje laga ein allsong om det som skjer i Minneapolis og USA. 

Det er heller ikkje poenget.

  

Bruce Springsteen performs with the E Street Band at the Olympic Stadium in Berlin, Germany, Wednesday, June 11, 2025. (AP Photo/Markus Schreiber)
Bruce Springsteen speler konsert i Berlin, 11. juni 2025.
Publisert Sist oppdatert

To menneske vart drepne i Minneapolis medan dei protesterte mot metodane til ICE. Omstenda er godt skildra andre stader. Det interessante her er kva slags kraft dette har utløyst hos dei ein faktisk ventar skal seie ifrå.

Nei, ikkje det demokratiske partiet. Men kulturfolk.

Under filmfestivalen Sundance, som vart arrangert siste veka i januar i Utah, snakka filmskaparar og skodespelarar ope om behovet for empati, og om kunst som speglar sosiale og politiske kriser. Fleire deltok i protestar under slagordet «Sundancers Melt ICE», til minne om dei drepne og i protest mot ICE.

Billie Eilish delte fleire innlegg på Instagram der ho oppmoda andre kjendisar til å bruke plattformene sine til å uttale seg. Ho kalla ICE ei terrorgruppe. På Grammy-utdelinga sundag sa ho «Ingen er ulovlege på stole land», og avslutta talen sin med ei fråsegn som vart «biipa» bort i sendinga.

Alt dette er betre enn ikkje å gjere noko som helst, men det endrar nok ikkje mykje.

Nokon har teke meir ansvar. Bruce Springsteen laga ein ny låt, ein protestlåt, spelte han inn og fekk han ut på fire dagar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement