Bok

Brønnane i Nasaret

1950: Det tok tid før kvinner gjorde den journalistiske reise­skildringa til si form. To av pionerane kom frå Oslo, ei frå Salten.

To brønnar. Austleg-ortodokse meiner at Maria-brønnen i Nasaret ligg her, på torget ved hovudgata. Gresk-ortodokse meiner han ligg under St. Gabriels kyrkje like ved. Ruth Alvsen var begge stadene.
To brønnar. Austleg-ortodokse meiner at Maria-brønnen i Nasaret ligg her, på torget ved hovudgata. Gresk-ortodokse meiner han ligg under St. Gabriels kyrkje like ved. Ruth Alvsen var begge stadene.
Publisert

Boka er så enkel at ho er god. Ein blank marsmorgon i 1950 la frysebåten «Ålesund» ut frå Kopervik og sette kursen for Israel og Palestina. Om bord var mengder av fisk og ei kvinne, journalisten Ruth Alvsen (1913–74). Ho var «oppflaska med sjøen og boren i båt», skriv ho i reiseskildringa Jomfru Marias Brunn (1950). Sju reisebrev til Gula Tidend og Morgenbladet var blitt mykje omarbeidde for boka.

Få journalistar gjorde ei slik reise i dei åra då jødane samla seg i Israel. Endå færre av dei var kvinner. Reiseskildringa var mannens tekst, om det ikkje var for oslokvinnene Gerda Grepp og Lise Lindbæk i den spanske borgarkrigen.

«Kvart liv er ein roman», skriv Alvsen då ho møter dei som byggjer den nye staten. «Andliti deira ber skuggar etter ei fortid.» Det gamle hebraiske språket skal vere det nye nasjonalspråket: «Rymlingane som kjem får kurs i hebraisk og friskar opp det dei har lært som barn.»

Alvsen ser menneska, anten dei er jødar eller arabarar. Tonen er lett, stilen moderne, språket nyansert. Like ved hovudgata i Nasaret kjem ho til brønnen der Maria møy skal ha henta vatn. Brønnen er «djup og mørk og gåtefull», vatnet er lunka, Ruth drikk og drikk. Andre stader ser ho vegger gjennombora av granatar, oppe på Karmelfjellet møter ho drusarar, som ho skildrar presist på ei lita side, i Haifa seier Asam til henne at jødane ikkje handsamar arabarane som sine likestilte. Der får ho arabisk brød, «store runde kakor, akkurat same slaget som i Nordland».

Kvar ho kom, jamførte ho med det ho kjende heimanfrå. Ho var frå Skivika nord for Bodø, fekk dikt på trykk i Nordlandsposten før ho var konfirmert og tok seg kontorjobb i Bergen 17 år gamal. Der tok ho examen artium og var i fleire år journalist i Gula Tidend. Seinare arbeidde ho også i Morgenbladet, blei Oslo-korrespondent for Gula, redaksjonssekretær i For Bygd og By, redaktør i Telemark Tidend, journalist i Alle Kvinners Blad og meir til i sitt flyktige liv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement