Bøker i barnehøgd

1953: Laurdagsbarnetimen heldt det gåande lenger enn nesten alle andre radioprogram i verda og utvikla ein eineståande bokidé.

FLYKTNINGEN. I Barnetimeboka 1955 kom foreldrelause Toya Magkow til Noreg og blei adoptert av ein familie i Stavanger.
FLYKTNINGEN. I Barnetimeboka 1955 kom foreldrelause Toya Magkow til Noreg og blei adoptert av ein familie i Stavanger.
Publisert

NRK var i gang frå sommaren 1933. Ein av dei faste postane var å halde fram med Barnetimen. Barnetimen hadde ein privat radiostasjon kringkasta kvar veke like sidan 20. desember 1924, tre år før countryprogrammet Grand Ole Opry kom i gang i Nashville. I dei tiåra hadde knapt ei avis noko å tilby dei yngste lesarane. Det hadde dei heller ikkje då NRK lanserte ein stor idé i 1952.

Meir enn før blei barn sett som sjølvstendige individ, men dei færraste hadde merka seg at alt Rasmus Løland skildra livet i barnehøgd. Difor var det både originalt og enkelt, det NRK gjorde. Åse Gruda Skard ville ha vekk ovanfrå-og-ned tonen i programma. Onkel Lauritz var på radio og inviterte like godt barna til å skrive si eiga bok. Kvar veke hadde lyttarane nokre få dagar på seg til å skrive vidare på framhaldsforteljinga. Det gjekk bra, for posten skulle fram. Etter kvart brukte ein etablerte forfattarar til å dikte opningskapittelet. Slik sikra NRK lyttartal i ei tid då ingen snakka om den slags, skapte interaktivitet eit halvt hundreår før internett og ei rekkje gode barnebøker.

Den første heitte Rømlingen på Neptun, kom ut vinteren 1953 og selde i 30.000 eksemplar på to månader. Det var ei ganske så dramatisk forteljing om Per Kristian frå Svolvær. Som blindpassasjer på «Neptun» kom han seg like til København før han blei oppdaga, men i Cape Town blei heimlengten for sterk.

26 bøker blei det, då det slutta med Kjærlighet & Grøss i Turandot-borgen i 2005. Radioredaksjonen skreiv aldri om noko, lét forteljingane veksle mellom nynorsk og bokmål og sydde dei beste avsnitta til ein heilskap. Inntektene frå boksalet gav NRK til andre. «Barn hjelper barn», var mottoet. På den måten fekk slike som Flyktningehjelpen, Nord-Norges Åndssvakehjem for barn og Geilomo barnesykehus verdfull støtte. Frå 1970-åra gjekk mykje til hjelpetiltak i andre land. Overskotet frå Mysteriet på Bergensbanen i 1991 gjekk til TV-aksjonen. Nettopp. Då NRK blei med på årlege TV-aksjonar frå 1974, visste ein kva det handla om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement