Bøkene som aldri kom
1984: Dei fleste ufullførte verka blir verande forfattarens løyndom. Nokre luftslott blei annonserte. Og éin erta lesarane sine.
FRI DIKTING. Det kom inga bok om Carl I. Hagen i 1988, slik planen var. Året før hadde Kurer forlag gitt ut Kloke ord av Hagen med 94 blanke sider. Berre Stortingsbiblioteket har boka, plassert som skjønnlitteratur.
Foto: NTB scanpix
Boka kom og var eit mysterium. Tittelen var 1. Olsens Bok, utgivingsåret var 1983, men kven var forfattaren? «Navnet kjenner alle», stod det med store bokstavar i forordet og gav ei aning om eit påfunn av Georg Johannesen. Der var ein intelligent eleganse over utfall og innfall, og ei retorisk utprøving av sjangerkryssingar, som styrkte mistanken. Boka er som «et museum for skrivekunst av fremmed art», heitte det i baksideteksten.
Nøkkelen låg i Olsen. Freddy Olsen Fjellheim (f. 1957) hadde berre brukt mellomnamnet sitt. Det visste få av oss som venta på 2. Olsens Bok. Ho stod i kjeldelista i 1. Olsens Bok med utgivingsåret 1984, og mengder av sitat var henta frå boka som enno ikkje var utgitt. «2. Olsens bok kommer i 1984», skreiv sjefredaktør Arne Sundland på eit visittkort hausten 1983. Ifølgje litteraturlista, la han til. Den innførselen var berre endå ein del av skriftspelet, og i ettertid trur forfattaren at det orwellske 1984 var eit viktig poeng. 2. Olsens Bok kom aldri, men Fjellheim har gitt ut 16 andre bøker.
Fjellheims snedige regi er sjeldan vare. Forlag spelar heller høgt og tek sjansen på å kunngjere bøker lenge før dei har manuskripta. Det hender det går bra, men mange bøker blir utsette. Somme har aldri kome, som då Cappelen annonserte Carl I. Hagen og Fremskrittspartiet av Ingolf Håkon Teigene i «Årets nye bøker 1988».
«Ingenting skal skjulast», sa Ingar Sletten Kolloen til Klassekampen i 2003. Han var tidleg ute og skulle skrive bok om Bokklubben med alle sine underbruk til 50-årsjubileet i 2011. Det blei med ein kortare tekst som jubileumshelsing, publisert på Bokklubben.no på 50-årsdagen: «Det var aldri meningen at du skulle bli en slik suksess.»
I forfattarskapar flest er der idear som aldri blir realiserte. Dei fleste av desse får allmenta aldri vite noko om. Gyldendals Aktuelle Magasin minte i 1978 om at Henrik Ibsen aldri kom seg til å skrive om den færøyske helten Magnus Heinason frå 1500-talet, og at Olav Aukrust planla Hamar i Hellom i tre band, men at det berre kom eitt.
Reidar Djupedal ville nok gjerne skrive den store biografien om Ivar Aasen, men fekk det aldri gjort. Olav Midttun emna på ein trebandsbiografi om A.O. Vinje. Det blei med ei lita bok i to utgåver.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.