– Boka skal stå som eit ropeteikn
Eirik Ingebrigtsen vel ofte eit «unorsk» perspektiv i romanane sine, men bodskapen er retta til oss alle.
I den nye romanen sin tek Eirik Ingebrigtsen oss med til den vesle byen Gjakova i Kosovo.
Foto: Finn Ståle Felberg/Forlaget Oktober
Forfattaren frå Os i Hordaland, no busett i austnorsk eksil, er ikkje så oppteken av å skape stor, ytre konflikt eller drama. Det som interesserer han, er å gå inn på korleis folk har det med kvarandre, mellommenneskelege relasjonar og avhengnad. Dette går som ein raud tråd gjennom dei sju romanane 42-åringen har skrive til no.
I den korte romanen Kvit bok mørk vinter tek Ingebrigtsen oss med til den vesle byen Gjakova i Kosovo. Det er sprengkald vinter, og eit arbeidslag med veteranar frå Kosovo-krigen dreg ut i skogen for å felle tre til brensel på bestilling frå kommunen.
Med desse karane er òg 14 år gamle Isa, den tre år eldre halvbroren Shkodran og faren Reza. Isa er eit produkt av krigen. Mor hans blei valdteken av ein serbisk soldat, og ho nekta å ta abort. Derfor vil Reza helst ikkje ha noko med den uekte, halvt serbiske sonen å gjere – endå om han sjølv under krigen tok del i ei massevaldtekt av serbiske kvinner.
Men Isa har ein beskyttar i halvbroren, som går mellom når faren er etter han.
– Som vanleg har du gitt boka di ein tittel som ikkje er sjølvforklarande?
– Eg har ikkje noko klart svar på kvifor det blir slik. For meg er skrivinga eit språkprosjekt i seg sjølv, eksperimentering, eit alternativ til det språket og det landskapet eg har kring meg, som alltid er basert på det praktiske livets logistikk. Eg skil grusomt mellom kvardagsspråk og skrivespråk. Det eg vil ha fram med denne tittelen, er vel skiljet mellom det kvite og det svarte, det lyse og det mørke, mellom tryggleik og vern, og det som er utrygt og vondt. Det eg kjenner mest på i mitt eige liv, er tryggleiken og kor privilegert eg er. Problema mine er små og lette å handtere. Men ikkje alle har det slik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.