Boka rett i postkassen

1961: Bokklubbar fann skjulte lesarar og utvida bok­marknaden. Suksessen hadde nærma seg eit monopol då alt braut saman.

KRITISK BLIKK. Sigurd Evensmo var journalist, skreiv Englandsfarere (1945) og Grenseland-trilogien 1947–51, var filmkritikar i NRK, var redaktør i Orientering og hadde endå meir å fortelje i 1970-åra.
KRITISK BLIKK. Sigurd Evensmo var journalist, skreiv Englandsfarere (1945) og Grenseland-trilogien 1947–51, var filmkritikar i NRK, var redaktør i Orientering og hadde endå meir å fortelje i 1970-åra.
Publisert

Ideen kom frå ein tysk flyktning og ein norsk forlagsdirektør. Med sin jødiske bakgrunn hadde Max Tau utvandra til Noreg i 1938, og Arthur Holmesland i Aschehoug tok ope imot kunnskapen hans om den tyske bokmarknaden. Sommaren 1961 skipa dermed Aschehoug og Gyldendal Den norske Bokklubben AS. Alt 1. september same året presenterte den nye bokklubben romanen Den gode jord av den amerikanske nobelprisvinnaren Pearl S. Buck som første Månedens bok.

Suksessen var brå og stor. Alt hausten 1962 kom Bokklubbens Lyrikkvenner, seinare også Ekstrabokklubben og Bokklubben Barn. Lenge var bokklubbane også forlag som laga eigne, vakre utgåver av eldre og nyare diktekunst. Dei arrangerte litteraturkveldar og charterturar, laga filmar, fylte norske hus med vervepremiar, blei ein tydeleg meiningsaktør i norsk litteraturpolitikk og leverte store overskot til eigarforlaga.

Den 31. august 1976 kom bokklubben som blei så sterk at han nok fekk utilsikta verknader: Første bok i Bokklubben Nye Bøker var memoarboka Ut i kulda av Sigurd Evensmo. Ved å utnemne Einar Gerhardsen til æresmedlem hadde bokklubbenkonsernet teke endå eit smart grep.

Den norske Bokklubben gjennomførte fleire store spørjeundersøkingar og profesjonaliserte dermed bokbransjen. Leiinga visste meir om både kjøparane og lesarane enn nokon andre i Noreg. Dei såg at der var det dei kalla eit skjult publikum. Lenge var det beste litteraturpolitiske argumentet for bokklubbar at dei utvida bokmarknaden og nådde desse skjulte kjøparane. Det gjorde dei så godt at det etter kvart var meir enn tolv Månedens bok i året. Suksessen blei eit problem. Bokklubbane utvida nok marknaden, men tok også jamt større marknadsdelar, særleg for skjønnlitteratur.

Slike suksessar inviterte til kopiar og avleggjarar og fusjonar. Inn frå sidelinja kom Harald Haugen i 1980-åra og gjorde Haugen Bok til postordrebutikk og seinare nettbokhandel. Det blei innleiinga til slutten for bokklubbeventyret. Medlemsfordelane kunne ikkje lenger forsvarast. Som han sa, den tidlegare konserndirektøren i Gyldendal, Geir Mork, på eit møte i Bergen hausten 2018: «Bokklubben nærma seg jo eit monopol.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement