Boka om Krigen
1980: Han blei kalla Sfinksen og snakka monotont. Då han til slutt skreiv si krigshistorie, selde forlaget 155.000 bøker på fire veker.
DÅ SFINKSEN TALTE. Trygve Bratteli gav ut sju bøker mellom 1940 og 1981, dei fleste til innvortes bruk i arbeidarrørsla. På få veker i 1980 blei han ein folkekjær forfattar.
Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
«Det var noe bråk i gangen i første etasje. Jeg hørte mørke, sinte stemmer, og mellom dem en svak kvinnestemme. Ble fort klar over hva det dreide seg om, kjente til at Gestapo-representanter fra Ålesund i disse dager hadde lagt sin virksomhet til Kristiansund. Tunge støvler trampet i stor fart oppover trappene til annen etasje og stormet inn i rommet hvor jeg oppholdt meg.»
Slik opna Trygve Bratteli (1910–84) den nøkterne minneboka Fange i natt og tåke i 1980. Etter år som både visargut og kvalfangar hadde han flytta til Kristiansund hausten 1940. Ein bomba by skulle byggjast opp att, og dei trong mange tømrarar. Gestapo interesserte seg ikkje for tømrar Trygve. Det var den politiske aktivisten og motstandsmannen Bratteli dei arresterte på hybelen i andre etasje grytidleg om morgonen 10. juni 1942.
Fange nr. NN 65.663 kom til Sachsenhausen nord for Berlin 3. mai 1943. Dit kom mange av dei som blei arresterte etter ei forordning frå Adolf Hitler 7. desember 1941.
Gestapo og Schutzstafel gav ordren det forsterkande bokstavrimet Nacht und Nebel, på norsk ‘natt og tåke’. Motstandsfolk i Benelux-landa, Frankrike og Noreg skulle forsvinne sporlaust i Tyskland, og viste det seg at dei var uskuldige, skulle dei haldast fengsla utan at pårørande fekk vite noko. Avskrekking var føremålet. Det er dokumentert at 6639 personar blei arresterte, og truleg blei 340 av desse avretta. Dei fleste norske overlevde.
«15. mai 1945 stilte jeg igjen på Arbeiderpartiets hovedkontor», skriv Trygve Bratteli, så knapt som berre han kunne. At boka blei som den blei, skal nok kona og journalisten Randi Bratteli ha mykje ære for. Grunnlaget var 95 sider som Bratteli skreiv då han kom heim. Tiden Norsk Forlag lanserte boka 20. november 1980. Julaftan hadde forlaget selt 155.000 eksemplar.
Med denne fangeskildringa, trudde mange, runda tidlegare statsminister Trygve Bratteli av den omfangsrike norske memoarlitteraturen frå andre verdskrigen. Berre i 1945 kom det 208 bøker om det som enno, i 2019, er krigen. Lenge dominerte soldatskildringar som Det vil helst gå godt av Max Manus (1945) og sjølvbiografiske fangebøker som Jeg vil leve av NN-fangen Oscar Magnusson (1967).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.