JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Vil gi røyst til dei vi ikkje høyrer

Avstanden mellom sentrum og periferi og mellom prateklassen og den tause majoriteten som aldri kjem til orde, er utgangspunktet for Tore Renbergs nye roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tore Renberg fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutboka i 1995. Sidan har han skrive mange bøker, to av dei på nynorsk.

Foto: Marie von Krogh

7788
20200918
7788
20200918

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Hovudpersonen i Tollak til Ingeborg, den over 80 år gamle enkemannen Tollak, er rett nok ingen ordhag person, men han tenkjer sitt og har sine klare meiningar. Medan han ventar på at dei to borna hans motstrevande skal komme på besøk, og få kunnskap om den farlege løyndommen han ber på, ser han tilbake på viktige episodar i livet sitt. Det er ikkje berre vakkert, sjølv om den sterke kjærleiken til den altfor tidleg døde kona, Ingeborg, lyser over boksidene.

– Eg har ei prinsipiell haldning til dette. Alle menneske er interessante. Eg har laga mange mannsportrett i bøkene mine, denne gongen ønskte eg å syne ein person som er parkert som menneske, som mann, gamling og bygdesærling, seier Renberg, som med denne utgivinga markerer 25-årsjubileum som forfattar.

Sinne og sorg

I kortromanen Farmor har kabel-tv (2006) skreiv Renberg for første gong om ei gammal dame. I Ingen tid å miste frå i fjor gjekk Renberg for alvor inn i alderdommen med portrettet av 85 år gamle Edel, som er både rappkjefta og storkjefta. Bortsett frå det verbale har ho eit slags motstykke i den tause Tollak.

– Eg har nådd å bli 48 år og har grubla mykje over mannfolk og sakn, sinne og sorg, menn og vald. Det er eit felt som får mykje å seie både i privatlivet og i internasjonal politikk, slik vi ser det med stadig fleire utanlandske statsleiarar. Også av den grunn var det spennande å gå inn i Tollak.

– Dette må vere den mest uhyggelege boka du har skrive?

– Ja, det kom eit tungt, tungt mørke inn i historia, men ho har også eit skarpt lys i seg gjennom kjærleiken til Ingeborg og empatien og omsorga han kjenner for den tilbakeståande Oddo, som han og kona tek til seg. Sjølv ser eg boka som ein roman om sinne og sorg.

– Korleis var det å skrive denne historia?

– Under skrivinga merka eg at eg blei meir tungsindig. Tollak er ein sterk kontrast til Edel i den førre romanen, ho hadde eit blidt lynne. Ho delte nok Tollaks kjensle av å vere parkert, av at samfunnsendringane går for fort, men der han blir ein som nektar å vere med i utviklinga og melder seg ut av alt, går ho meir sarkastisk og pågåande til verks.

Feministisk?

– Kva vil du kalle boka? Eit psykologisk drama?

– Eg tenkte det som ein karakterstudie, eit tidsbilete og kulturportrett, men psykologisk drama kjennest riktig, ja. Tollak til Ingeborg er vel neppe ein spenningsroman, men eg håper boka er spennande. Sjølve notidshandlinga tek berre nokre timar, og så kjem tilbakeblikka som novellistiske sveip. Men fordi episodane frå fortida kjem heilt ukronologisk, slik dei dukkar opp i minnet til Tollak, tok det tid å få dei på plass.

– Då eg såg tittelen, før eg hadde lese boka, slo han meg som demonstrativt feministisk. Var han tenkt slik?

– Eg var klar over ironien som låg der, vi er jo frå gammalt av vande med at det er kvinna som «høyrer til» mannen. Men poenget er at bygdefolket knyter Tollak til den lyse og gode Ingeborg. Dei kallar han «Tollak til Ingeborg», ei nemning han gjerne går i grava med. Og så «samtalar» han jo i monologane med den døde kona si.

Om vi ser bort frå ein biperson i romanen Du er så lys (2016), representerer Tollak noko nytt i Tore Renbergs forfattarskap. Tollak er sterkt konservativ, mange vil seie reaksjonær, han lever i si eiga verd, etter sine eigne reglar, bryt lova om det krevst, har sterke meiningar om Samfunnet, Utviklinga og Tida, men er ein del av den tause majoriteten som aldri ytrar seg offentleg.

– Tollak er vel det Dag Solstad ville kalle «utidsmessig»?

– Heilt klart. Det har stått present for meg at eg må kike på dei som tida vår har parkert og helst ønskjer ikkje skal snakke slik dei gjer. Det har vore spennande å jobbe med Tollak. Den deklasserte sagbrukseigaren i romanen min er nok ein fetter av Elias Rukla i Solstads Genanse og verdighet. Tollak kan ha nokså outrerte meiningar, men eg merkar at det er sider ved samtidsprotesten hans som eg kan slutte meg til.

– I boka finst ein nydeleg scene der Oddo sit og målar utan lerret, utan pensel og utan fargar. På spørsmål om kva biletet skal bli, svarar han at det veit han ikkje før biletet er ferdig. Kva legg du i denne vesle scenen?

– Midt i Tollaks hus bur dette mennesket, som har eit heilt anna sinn, ein heilt annan måte å sjå verda på. Denne scenen blir eit møte mellom to heilt ulike måtar å leve i verda på. Tollak har litt innsikt i kva Oddo er, kor forskjellige dei er. Her tek han, som kan vere både brutal og kontant, den veikes part, slik han òg gjer i somme andre samanhengar.

Livsfornærming

Tore Renberg er oppteken av kløfta i samfunnet, mellom eliten og dei andre – ei kløft som synest bli stadig større, her og i andre land. Han minner om kva som skjedde i USA i 2016, der «ingen» trudde at Donald Trump kunne vinne presidentvalet fordi dei som skulle vere ekspertar, hadde så liten kontakt med dei folkelege straumdraga.

– Korkje Oddo eller Tollak passar inn i dei kategoriane vi held oss med. Politisk høyrer Tollak heime både i Senterpartiet, på ytre høgre og på ytre venstre. Han kjenner seg ikkje att i den måten vi lever på, kan ikkje identifisere seg med det. Verdiane hans, som ein sunn livsstil, arbeid med jorda og nærleik til naturen, blir ikkje lenger respekterte av samfunnet. Og samfunnet vil bestemme korleis han skal leve livet sitt. Dette er ei stor livsfornærming. Eg tenkte ofte, medan eg skreiv, at den sterkaste muskelen i Tollak, om ein ser vekk frå kjærleiken til Ingeborg og Oddo, er sjølvråderetten. Ingen skal få komme her og bestemme over meg og mitt. Forsøker dei seg på det, kan dei pelle seg fort heim. Om ikkje jagar eg dei på dør. Slik tenkjer, og føler, Tollak.

I 2016, med Du er så lys, overraska Renberg med å skrive på nynorsk. Haustens bok er den andre romanen hans på «sidemål», som for han ikkje ligg så langt unna den naturlege dialekten. Renberg fortel at vekslinga mellom dei to målformene kjem til å halde fram, det blir tematikken og karakterane som avgjer. No reknar han seg som tospråkleg.

– Under arbeidet med Du er så lys fekk eg ikkje til det eg ville. Så vakna eg ein morgon og lurte på om boka kunne skrivast på nynorsk. Eg sette i gang, og då merka eg at eg hadde fått eit ekstra instrument å spele på. Det gjorde rommet mitt større og meir litterært. Eg tviler på om eg hadde fått tilgang til Tollak og språket hans på bokmål.

Fornying

– Du har gjort språket i denne boka litt gammalmodig, med somme bibelske klangar?

– Når det blei ei førstepersonsforteljing, var oppgåva mi å leite etter Tollaks røyst og tankar. Eg er jo realist og set mi litterære ære i å vere nøyen med det truverdige i ein tekst. I eit portrett av ein mann som er fødd like før krigsutbrotet i 1940, er det viktig at han ikkje snakkar slik eg gjer.

– Med fare for å fornærme deg: Eg synest du skriv betre på nynorsk enn på bokmål.

– Med fare for å lyde arrogant: Eg kjenner at å skrive på bokmål er «frykteleg lett» for meg, eg har halde på med dette så lenge. Eg kan bygge eit hus med språket mitt, og når du er «flink» til noko, blir du fort mindre årvaken. Eg må alltid vere obs på «standardrepertoaret» mitt, og eg krev av meg sjølv at eg fornyar meg. Med nynorsken blei det ei slik fornying.

Å skifte språk blei som å opne opp eit nytt univers, seier han.

– Eg er ikkje slik som Dag Solstad eller Jon Fosse, som får til å skrive romanar på same vis og gjere det interessant. Til det har eg for lite tolmod, og eg er altfor nysgjerrig skapt. Trass i at eg har skrive seriar om Jarle Klepp og Hillevåg-gjengen, må eg heile tida finne meg opp på ny.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­– Alle menneske er interessante.

Tore Renberg, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis