Bok

Vikingane kjem!

Cat Jarman har skrive bok om vikingane i lys av bioarkeologi og har vorte hylla i Financial Times av historikarstjerna William Dalrymple.

Cat Jarman er ansvarleg for utvikling av faginnghaldet ved det nye Vikingtidsmuseet.
Cat Jarman er ansvarleg for utvikling av faginnghaldet ved det nye Vikingtidsmuseet.
Publisert

Vi skal koma til norske Cat Jarman og intervjuet med henne lenger nede, men først litt om briten Martin Biddle og danske Birthe Kjølbye-Biddle, det store ekteparet i moderne internasjonal arkeologi. Mest kjende er dei kanskje for arbeidet sitt på vikingane, og særleg kjend vart Kjølbye-Biddle då ho var med i ein BBC-serie som dokumenterte via DNA-prøvar av vestlendingar at det framleis var nokså mykje vikingblod på dei britiske øyane, særleg i nordaust. Det likte britane godt å høyra.

På 1970- og 1980-talet gjennomførte ekteparet ei utgraving i eit gamalt kloster i og rundt St Wystan’s-kyrkja i Repton, som ligg midt i England og i si tid var eit sentrum både for kristendom og makt. Kongane av Mercia vart gravlagde der. Ekteparet fann ei massegrav av det dei trudde var delar av den store heidenske hæren som invaderte England i 865. Skal vi tru Den angelsaksiske krønika, var dette ein ufatteleg valdeleg bande, og myten vil ha det til at det var dei tre sønene til den store Ragnar Lodbrok – ja, den familien tv-serien Vikings handlar om – som stod attom invasjonen.

Vinterleir

Den angelsaksiske krønika er mykje eit propagandaskrift i regi av Alfred den store av Wessex, som stogga vikinghæren sør i England. Han vart plaga av det han hevda var ekstremt valdelege vikingar, og vart sjølvsagt i eigne auge endå større av å ha hindra desse valdsmennene i å taka heile England. Resultatet av invasjonen vart i alle høve at vikingane tok store delar av Aust-England, og området fekk namnet Danelagen sidan det var underlagt dansk lov.

I 873 slo vikinghæren vinterleir i Repton, om vi skal tru krønika. Ekteparet Biddle byrja difor utgravingane der. Dei gjorde eit storvarp, dei fann beinrestane etter minst 264 personar som var drepne og gravlagde ved kyrkja. Ein av dei var gravlagt saman med mykje fint ustyr, og eit anna lik skulle syna seg å vera son hans. Denne hovdingen eller kongen var drepen på ein bestialsk måte.

Store menn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement