Bok

Velferdsknusarane

Bak dei siste tiåras globale liberaliseringar og framstøytar for å demontere velferdsstaten står eit godt organisert nettverk av tenketankar, syner Ivar Hippe i den nye boka si.

Ivar Hippe har skrive fleire bøker og forskingsrapportar.
Ivar Hippe har skrive fleire bøker og forskingsrapportar.
Publisert

Namn som The Mont Pelerin Society, Atlas Network og Public Choice Society er ikkje på alle tunger, men desse organisasjonane arbeider for eit felles mål: meir og friare marknad, meir privatisering og minimal statleg regulering og innblanding.

Det er ikkje utan grunn journalist og forfattar Ivar Hippe har kalla boka si Korstoget mot velferdsstaten. Sentralt i dette krosstoget står ei rad tenketankar, svært mange av dei finansierte av reaksjonære milliardærar.

«Dei tre store»

Hippe har lese teoriane til «dei tre store» i den globale rørsla – dei hyperliberalistiske økonomane Friedrich Hayek, Milton Friedman og James Buchanan – og dessutan fått høve til å vere til stades på viktige møte i dei marknadsfundamentalistiske organisasjonane og intervjua leiande personar.

– Dette er ei så stor og kompleks rørsle at ho ytrar seg og agerer på ulike vis. Alle drikk av den same kjelda, men alle blir ikkje like rusa. Målet er å skape ein konservativ politisk påverknadsmaskin utanfor dei demokratiske kanalane.

Mont Pelerin Society (MPS) karakteriserer Hippe som «nyliberalismens intellektuelle kraftsentrum». Hovudfienden deira er velferdsstaten og sosial omfordeling i demokratiske statar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement