Bok

Ut av isolasjonen

Når Kjersti Annesdatter Skomsvold skal byrje på ein ny roman, veit ho ikkje korleis ho skal gå fram. Då les ho ein bestemt roman om igjen, og så gjer ho det på eit heilt anna vis.

Romanen som kjem ut 7. august, er den sjette boka til Kjersti Annesdatter Skomsvold
Romanen som kjem ut 7. august, er den sjette boka til Kjersti Annesdatter Skomsvold
Publisert

Ein kyrkjegard på Gotland og eit skogskapell i Stockholm gav både hovudperson og tittel til Kjersti Annesdatter Skomsvolds nye roman, I dag jeg, i morgen du, som blir lansert i dag, 7. august. Men det betyr ikkje at boka er spesielt morbid. Når det på ein gravstein står «Her hviler en som elsket dette livet, men som ikke fikk sin kjærlighet besvart», kan det setje fantasien i sving hos dei fleste, især ein forfattar.

Ut av dette stig Peter Venn (45), omsetjar og på dei fleste vis sosialt usikker. Ein person som meir og meir har isolert seg frå omverda, berre oppteken av lesing og arbeidet sitt, og med ei mor som i alle år har dominert han fullstendig. Den tragikomiske og tidvis lett absurde forteljinga er full av spennande observasjonar, uvanlege metaforar og rik menneskekunnskap.

– Då eg las den gravskrifta for fem år sidan, visste eg at dette var karakteren eg ville skrive om. Men etter tjue sider blei det stopp, så då skreiv eg romanen Barnet og eit essay før eg gjekk tilbake til denne. Då eg så skjøna kven hovudpersonen var, blei det mykje lettare å gå vidare, plassere han i ulike situasjonar og vite kva ein slik person kan seie og ikkje seie.

Når eg reagerte på gravskrifta som eg gjorde, var det òg fordi livet mitt kunne blitt slik. Sterkast i mitt eige liv er det å bli heilt isolert frå verda – og så komme ut i verda igjen. Det skriv eg stadig om, men på ulike vis. Gravskrifta fekk meg til å tenkje på det å oppleve kjærleik, til andre eller til det ein syslar med, og kva som kunne skjedd om eg hadde blitt verande så isolert – om eg ikkje hadde fått ein familie sjølv eller ikkje hadde funne skrivinga. Eg kjenner meg endå meir sårbar i denne førestillinga om eg hadde vore mann.

– Var det problemfritt å skrive om ein mannleg hovudperson, det har du jo aldri gjort før?

– Det måtte berre vere slik, og då blei det heller ikkje så vanskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement