JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Til forsvar for mangfaldet

Den offentlege samtalen om innvandring og innvandrarar er framleis sterkt farga av fordommar og vankunne, konstaterer Frode Helland i ei ny bok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8607
20200103
8607
20200103

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Bakgrunnen for Rasismens retorikk. Studier i norsk offentlighet forklarar Frode Helland, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, med at han lenge har vore uroa og bekymra over den måten minoritetane i Noreg blir omtalte på i det offentlege rom.

– Ålmenta har vi alle eit ansvar for. Dersom minoritetane utan særleg motstand kan bli omtalte på nedsetjande vis, berre som problematiske eller som mindreverdige, er det eit problem for samfunnet.

– Du kallar boka «et bidrag til samtalen om rasisme i Norge». Kva håper du å oppnå?

– At boka kan bidra til auka medvit om kva rasistisk retorikk er, kvar grensene går for korleis ein kan omtale folkegrupper. Rasisme reduserer visse folkegrupper til vesenstrekk, som gjer at dei konsekvent blir sette på som mindreverdige, trugande eller problematiske på måtar som blir forstått som uforanderlege.

Frode Helland skil mellom «tradisjonell ’vitenskapelig’ rasisme» og «den ’nye’ kulturelle rasismen». Den klassiske rasismen er dominert av rasetenking, medan den «nye» i større grad dreier seg om kultur, verdiar eller sosiale tilhøve.

– Det som blir kalla vitskapeleg rasisme, hevdar at det finst distinkte menneskerasar som også lèt seg ordne hierarkisk og forklare genetisk. Men påfallande fort tek moderne rasisme, mot til dømes muslimar, til å likne på tradisjonell rasetenking, for det er ofte tale om uforanderlege trekk som gjer muslimane mindreverdige.

– Raseteoriar og rasehygiene, som ein trudde var døde, er framleis verksame?

– Freistnader på å halde liv i slike uvitskapelege teoriar held fram i somme amerikanske tenketankar og andre stader. Dette kan ein også sjå innslag av i Noreg. Ideen om at svarte er mindre intelligente enn kvite, møter du framleis også hos oss.

Frikopla frå røynda

I boka skriv Helland om retoriske grunnformer for rasisme, eit arsenal av karakteristikkar og fordommar som går att i omtalen av både jødar og muslimar.

– Trass i at dei er distinkt ulike grupper, finst det påfallande mange påstandar som går igjen. Lenge var det vanleg med konspirasjonsteoriar om at jødane arbeidde for å skaffe seg verdsherredøme. Dette minner sterkt om Eurabia-teorien i dag. Førestillinga om at jødane ikkje kunne vere lojale borgarar i samfunna dei levde i, fordi dei først og fremst var lojale mot den jødiske fellesskapen, høyrer vi i dag om muslimane.

At desse fordommane kan flyttast frå ei folkegruppe til ei anna, seier noko om kor frikopla slike førestillingar er frå røyndommen. Tilsvarande er førestillinga om at ei folkegruppe skjuler sine eigentlege hensikter og ikkje er til å lite på. Dette har råka både jødar og muslimar, og det er svært skummelt fordi det er uråd å forsvare seg mot.

– Det viktigaste fellestrekket ved alle former for rasisme er vel at han verkar avhumaniserande?

– Absolutt. Ein gjer «dei andre» litt mindre menneskelege enn majoriteten. Med ei slik oppfatning følgjer også gjerne eit inntrykk av at desse menneska ikkje er så flinke til å ta seg av borna sine, er meir kriminelle og valdelege og så vidare.

I boka slår Helland fast at døme på skriftleg rasisme finst det nok av. Likeins at vi lever «i et samfunn hvor rasisme i form av både utsagn og handlinger er tydelig tilstedeværende». Men han vedgår at det er vanskeleg å seie noko presist om kor utbreitt dette er her i landet.

– Ein må vere ganske blind for ikkje å sjå ein god del rasisme i dagleglivet.

– Kan det tenkjast at du utvidar rasismeomgrepet så mykje at du ser rasisme der slikt ikkje finst?

– Nei, eg «utvidar» ikkje rasismeomgrepet – det er klart og nokså konvensjonelt definert i boka, og eg følgjer definisjonen i dei konkrete analysane. Men det er viktig å hugse at boka handlar om rasistisk retorikk, ikkje rasistiske personar. Og at skribentar som spreier rasistiske fordommar, sjølv nektar på det sterkaste at dei er rasistar, er ikkje noko nytt; til og med opent antisemittiske skrifter frå mellomkrigstida inneheld forsikringar om at skribentane ikkje var drivne av noko som helst «had mod jøderne». For alt eg veit, kan det hende dei har heilt rett i det, men det er altså retorikken eg skriv om, ikkje skribentanes indre.

«Snikislamisering»

– Ei gransking du har utført av korleis og kor mykje det blei skrive om jødane og det jødiske i norsk presse i mellomkrigstida, gav nedslåande resultat?

– Så og seie kvar dag stod det fleire artiklar om jødane i norske aviser i denne perioden. Om lag ein firedel av stoffet var heilt opplagt jødefiendtleg og hatsk. Det må ha vore ei stor belastning for norske jødar å leve i ei ålmente der det stod så mykje negativt om dei. Desse funna fortel òg at å skrive slik var eit medvite val. Å forsvare seg med at «alle» gjorde det, held ikkje. Der fell også forsvaret for Hamsuns antisemittisme. At så grove påstandar kunne florere i ein vanleg, norsk aviskvardag, er skremmande. Haldningane som kom til uttrykk, kan ha medverka til noko av det som skjedde under krigen. Det var lite protest mot korleis jødane blei behandla, og heller ikkje noko stort oppgjer rett etter krigen.

– Dagens antisemittisme i Noreg er ikkje han avgrensa til relativt få tilfelle og få individ?

– Heldigvis er det grunn til å tru at det er mindre antisemittisme i Noreg i dag enn for nokre generasjonar sidan, og heldigvis blei aldri antisemittismen til ei stor folkerørsle her, men det betyr slett ikkje at problemet er uvesentleg. Dette viser både einskildforteljingar om mobbing, sjikane og åtak på jødar og jødiske symbol, så vel som større haldningsundersøkingar. Kampen mot antisemittismen er ikkje over.

– Kva trur du er den viktigaste drivkrafta for rasismen i våre dagar?

– Noko har sikkert med frykt og vankunne og redsle for det framande å gjere. Men det heng vel òg saman med privilegium, som ein ikkje vil miste eller dele.

– Kor stor del av skulda for dagens norske islamofobi vil du gi Carl I. Hagen, Siv Jensen og Frp?

– Dersom landets leiande politikarar heile tida spreier fordommar, mistanke og frykt mot minoritetar, har det effekt på samfunnet. Og ikkje berre på dei som alt er samde. Derfor er det viktig å argumentere mot «snikislamisering» og at muslimane er illojale borgarar. Det øydelegg ikkje berre livskvaliteten og livsvilkåra deira i ulik grad, men slikt gjer det vanskelegare å leve saman for oss alle.

Slike som Rolness

– Er det ikkje lett å bli uroa når terror i mange høve blir rettferdiggjort med sitat, falske eller ekte, frå Koranen?

– Jo visst. Og det er lett å tenkje at dette er islam. Men det er viktig å hugse på kor liten den minoriteten er som stør slik bruk av religion. Vi må evne å skilje mellom valdeleg islam, praktisert av nokre få, og vanleg islam.

I boka analyserer Frode Helland tekstar av tre personar som har gjort seg sterkt gjeldande i innvandringsdebatten: Truls Wyller, Hege Storhaug og Kjetil Rolness. Filosofiprofessor Wyller ser han som eksponent for framveksten av folk som uttalar seg «med påtatt ekspertise» om islam, men som manglar «påviselige kunnskaper om emnet». Han kom frå ingenstad og fekk store artiklar på trykk i viktige norske aviser, med påstandar utan faktagrunnlag. Både NRK og Klassekampen har nytta han som «ekspert». Her meiner forfattaren at media bør vurdere grundig kva slags førestillingar dei vil gi rom for.

Helland analyserer også to bøker av Hege Storhaug og fleire dagspresseartiklar av Kjetil Rolness. Storhaug i Human Rights Service blir kritisert for ein omtrentleg omgang med fakta, grove generaliseringar og vage påstandar med alvorlege implikasjonar. Medan Storhaug er ein slags demagogtype, representerer Rolness ei anna form for retorikk, ifølgje Helland. Eit særkjenne ved tekstane hans er at han vil normere dei debattane han sjølv deltek i, samstundes som han uttrykkjer fordommar og stereotypiar.

– Slike som Rolness finst i dei fleste vestlege land, men denne skribenttypen kan vere skadeleg om han får rå grunnen. Han står fram som danna, med skarp penn, er flink til å kle fordommane sine i såkalla fakta og rasjonelle argument. Dette er skummelt fordi det får så stort gjennomslag i ålmenta, og fordi ein del av skrivinga ikkje berre dreier seg om å spreie fordommar, men også å stengje av ytringsrommet for minoritetane, gjere røynslene deira mykje vanskelegare å setje ord på. Han prøver rett og slett å lukke heile diskusjonen om rasisme.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi må evne å skilje mellom valdeleg islam, praktisert av nokre få, og vanleg islam.

Frode Helland, forfattar

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis