Bok

Språkpress på kjøkkenet

1967: Ingrid Espelid Hovig laga mat på nynorsk i tiår. Ei eminent talskvinne for målsaka, sa forlaget og gav ut bøkene på bokmål.

MATMOR. Fleire såg Fjernsynskjøkkenet enn Sportsrevyen. I 1967 gav ho ut si første sjølvskrivne bok, i åra då TV blei allment og ho blei ein skjermvinnar.
MATMOR. Fleire såg Fjernsynskjøkkenet enn Sportsrevyen. I 1967 gav ho ut si første sjølvskrivne bok, i åra då TV blei allment og ho blei ein skjermvinnar.
Publisert

Ho voks opp i ein familie av målfolk som las Gula Tidend og helst snakka harding, fortel Ingar Sletten Kolloen i Ingrid (2013). Ho var hushjelp for fintfolk og utdanna seg til husstellærar i miljø der lite var skrive på nynorsk. Kan eg ikkje bruke dialekten min, må eg seie opp med det same, sa ho til sjefen i Opplysningsutvalget for fisk. Ho blei, og reiste land og strand rundt i ein blå buss med gode råd om fisk.

Kokebokhistorikaren Henry Notaker har med god grunn kalla henne ei av dei tre store saman med Hanna Winsnes og Henriette Schønberg Erken. Posisjonen som matmor for folket vann ho først og fremst munnleg med over 300 episodar av Fjernsynskjøkkenet mellom 1965 og 1998. Stoffet derifrå stod på nynorsk i Programbladet og i seinare bøker. Dei tre første bøkene ho skreiv sjølv, var på nynorsk. Det var også dødsannonsen då mannen Jan Hovig døydde brått sommaren 1977.

NRK var språkleg trygg grunn for henne. Det var ikkje bokbransjen.

I 1972 tok Andreas Skartveit over som forlagssjef i Samlaget. På dei seks åra han var der, gav forlaget ut éi matbok av Hovig. Lett traktering (1973) baud på fleire oppskrifter frå TV-programma. To år etter var ho blitt Gyldendal-forfattar i Brikt Jensens sjefstid med Aleneboerens kokebok på bokmål.

Skartveit gjekk over til Gyldendal som forlagsdirektør i 1978. Kort tid etter at han slutta, tok den like profilerte nynorskbrukaren Geir Mork til som litterær direktør og var frå 1995 til 2015 øvste leiar i Gyldendal. I tiåra til Skartveit og Mork sende Gyldendal ut over 60 utgåver av bøker frå Hovigs kjøkken. Dei fleste var redigerte frå svensk og omsette til bokmål. To laga ho på nynorsk, i Skartveits tid.

«Hun har alltid vært en eminent representant for målsaken», sa forleggjaren Lars Røtterud i Gyldendal til Dagbladet sommaren 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement