JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Sjokket i Rococcosalen

1923: Ho snakka så folk forstod, om det mange ikkje ville høyre. Eit foredrag på Grand Hotel i Oslo blei ein skilsetjande pamflett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
TIDLEG OG TYDELEG. Katti Anker Møller fekk så sterke reaksjonar på foredraga sine om abort at ho slutta å snakke om saka.

Foto ca. 1910: Nasjonalbiblioteket

2669
20190308
2669
20190308

Roland Barthes har ein stad skrive at den som skriv pamflettar, er ei språkbølle. Som franske generaliseringar flest er også denne overdriven. Det var inga språkbølle som stod på talarstolen i Rococcosalen på Grand Hotel i Kristiania 18. januar 1915. Katti Anker Møller var 47 år, mor til tre og ein profesjonell talar, som få kvinner var den gongen. På få år hadde ho halde 70 foredrag landet rundt om ugifte mødrer og kva rettar dei måtte få. «Hennes dristige og frie tale vakte voldsom indignasjon; enn ikke hennes sikre sosiale posisjon kunne beskytte henne mot forfølgelse og hån», skriv kvinnehistorikaren Anna Caspari Agerholt.

I Rococcosalen hadde Stemmeretsklubben møte, og denne kvelden snakka Katti Anker Møller om «moderskapets frigjørelse». Stortinget hadde vedteke barnelovene, og Møller tok kraftig til motmæle. Seksualopplysning! Fritt høve til prevensjon! Opphev paragraf 245 i straffelova! Ei kvinne som tok abort, skulle ikkje lenger kunne dømast til inntil tre års fengsel. «Vi elsker moderskapet, vi vil dets vel, men i fuld frivillighet og under vort eget ansvar», slutta Møller og sette seg.

Andre reiste seg. Morgenbladet dreiv fram eit ordskifte av det brutale slaget. Som så ofte seinare handla det mest om kvinners privatliv, ikkje om sosiale vilkår eller mannens privatliv. Sjølv snakka Møller seinare helst om fødselspolitikk, og alt ho tok opp, kom til å prege ettertida like inn i 2019.

«Deres avhandling er opplysende, klar, og i det vesentlige overbevisende», skreiv redaktør Gerhard Gran og trykte foredraget i Samtiden same året. Det norske Arbeiderpartis Forlag gav først ut Moderskapets frigjørelse i 1923, i 2000 eksemplar. Den pamfletten blei fort eit symbol for kvinnerørsla og deira skriftkultur.

Ein pamflett er eit politisk, moralsk eller religiøst smedeskrift som gjennom skarp satire og polemikk vil blottstille og diskvalifisere motpartens sak og som person. Pamfletten er av tysk opphav og ei forform til det som skulle bli aviser. Endå ein gong handlar det om reformasjonen. For første gong blei det tydeleg kva kraft det kan vere i trykksaker som er lett tilgjengelege, klartenkte og velskrivne. Bakgrunnen frå reformasjonen gjorde også at pamfletten er blitt verande knytt til religiøs agitasjon. Det verdslege tilsvaret blei etter kvart debattboka.

Pamfletten i 1923 kunne Møller altså takke Martin Luther for. Det var også alt ho hadde å takke han for.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og litteraturvitar.

Neste veke: Fart og sjølvtillit
i språket

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis