JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Rotur i ureint farvatn

Då Sigri Sandberg gav seg til å ro Sognefjorden på langs, visste ho ikkje om dette var ein fiks idé ho krampaktig heldt fast i. Med boka Ro. Om Sognefjorden og ein lang tur heim freistar ho svare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigri Sandberg er journalist og har skrive nær 20 bøker om natur, friluftsliv, klima og polare strok.

Foto: Privat / Samlaget

8091
20220527
8091
20220527

Litteratur

jan.h.landrp@gmail.com

Noregs lengste og verdas nest lengste og aller djupaste fjord er om lag 226 km lang, og i tre økter gjennom tre årstider gjorde Sandberg med vekslande mannskap – eller helst: kvinnskap – turen unna på ni dagar og ei natt. Farkosten tobarnsmora med hjelparar nytta, var ein gammal trebåt, ein oselvar utstyrt med to par årer.

Det korte svaret på det innleiande spørsmålet er at turen både var ein fiks idé og svært mykje anna. Og boka har fleire bodskapar, både på og mellom linjene.

– Utanom å møte mannen min og å få barn var denne ekspedisjonen verkeleg noko av det finaste eg har vore med på i heile mitt liv. Blandinga av meistring og å få bevege seg langs fjorden så sakte at ein får med seg landskap og natur gjennom ulike årstider, samstundes som ein får tid til å reflektere over eige liv og over kva som skjer i fjorden, er eit sjeldsynt privilegium. Noko av det aller beste er å ro når sjøen er relativt roleg, vi kjenner at vi får til å ro i takt, og merkar korleis båten sig framover. Då røyner vi òg det historiske suset; det er dette generasjonar har gjort i hundrevis av år.

– Utgangspunktet, var det ei midtlivskrise eller kva?

– Kanskje var det ein kombinasjon av alder og uro i verda og uro i nær krets som utløyste dette behovet for ro i dobbel tyding. Å ro skal jo gi ro, seiest det. Turen og boka er òg ei utforsking av omgrep som ro og tilhøyrsle. Eg nyttar meg sjølv som ein tydeleg raud tråd for å fortelje historia om den lengste fjorden vår.

Der fann ho mange gode forteljingar.

– Bøkene mine handlar mest om natur og menneske, men eg får det ikkje til å henge skikkeleg saman om eg ikkje har ein slik raud tråd. Eg ser at det er eit naudgrep å nytte seg sjølv, men på anna vis klarar eg det ikkje. Somme synest sikkert det er for mykje Sigri, andre at det er for mykje fakta.

Det er nok forklaringa på at boka hennar følgjer eit kjent skjema i denne forfattarskapen: subjektiv oppleving kombinert med populærvitskap, gjerne supplert med litt kulturhistorie.

– Det er ikkje ufarleg å ro Sognefjorden på langs i ein oselvar?

– Nei, det er ein fjord det er viktig å ha respekt for. Les berre diktet Henrik Wergeland skreiv etter å ha haika med ei sognejekt i forferdeleg stygt vêr sommaren 1832 og som eg siterer i boka. Vi opplevde at det bles opp ei natt i juni. Då fekk vi sterk vind frå nordvest, og eg måtte spørje mannskapet om vi var dumme eller modige som la utpå. Enden blei at vi måtte søkje naudhamn nokre timar før vi kunne halde fram, fortel ho.

Ingen trebåt

– Det er noko med å ha stor respekt for naturkreftene, men også for folk og dyr og alt ein møter på vegen sin. I Noreg er alle svært opptekne av allemannsretten, men eg er meir oppteken av allemannsrespekten og pliktene vi har når vi er ute som reisande. Vi må ha ekstrem respekt for alt og alle vi møter. Det er ikkje lov å leggje til ved private bryggjer, eller slå seg til nærmare enn 150 meter frå hus, og sjølvsagt skal ein syne respekt for folk som vil vere i fred. No er det nok lettare å komme i ein gammal robåt enn i ein svær cabincruiser. Folk blei så glade då dei såg oss, og vi møtte berre hyggelege og hjelpsame menneske. Det var både overveldande og rørande, og ei påminning til oss sjølve om å vere like vennlege når andre kjem vår veg.

– Ikkje ein einaste trebåt møtte de på ferda?

– Nei, og det er trist. Tenk på all ferdsla som gjennom hundreår har vore på fjorden i nettopp trebåtar, robåtar og større. Og all historia og alle historiene som er knytte til dette. I boka har eg prøvd å halde meg til det som har skjedd og skjer på og i fjorden, meir enn det som er på land.

Med ryggdekning frå forskarar ho har snakka med, skriv Sandberg om fjorden ho rodde: «Faktisk er vi betre kjente med landskapa på baksida av månen enn med forholda på fjordbotnen.»

– Det urovekkjande er denne mangelen på forsking, som gjer at det ikkje finst tilstrekkeleg samanlikningsgrunnlag for å syne korleis utviklinga har vore. Somme forskarar meiner at hovudfjorden er frisk, men at nokre av sidearmane er prega av mangel på oksygen. Det kjem av global oppvarming og auka ureining frå land – som krev oksygen for å bli broten ned. Mangelen på oksygen kan så føre til at fjordane rotnar frå botnen.

Dette trugar både Nærøy­fjorden, om står på verdsarvlista, og Sogndalsfjorden.

– Men det er også grunn til å spørje kvifor det er så lite fisk i sjølve Sognefjorden. Samanlikna med Oslofjorden er Sognefjorden «frisk», Oslofjorden er jo nesten død. Og no er Førdefjorden og Repparfjorden i kjempetrøbbel på grunn av gruveverksemda som styresmaktene har gitt løyve til. Det gir håp at vi har fått sterkare søkjelys på fjordane våre, altfor lenge har dei stort sett vore bosplassar for giftige utslepp frå industri, landbruk og fiskeoppdrett. I boka siterer eg eit skilt frå ein gammal fjordabåt: «Klutar, avispapir, matpapir, flasker o.l. må ikkje hivast i klosettet eller på golvet, men over bord.»

Straumar

– Den reine vasskrafta er visst heller ikkje så uskuldig?

– Også verknadene av dei mange kraftverka veit vi for lite om. Men vi veit at den storstilte kraftutbygginga på 1960–1970-talet forstyrrar tilførsla av ferskvatn til Sognefjorden. Det påverkar algevekst og oppblomstring av alt liv. Mange intrikate system blir forstyrra, og førebels veit vi for lite om konsekvensane. Men når undersøkingar syner at tilførselen av ferskvatn til fjordarmar i Indre Sogn steig med 500 prosent i februar månad etter utbygginga av kraftverka, seier det seg sjølv at det kan vere tale om konsekvensar vi framleis ikkje har fullt oversyn over. Det må setjast inn meir krefter og ressursar for å undersøkje dette; mi oppgåve med boka har berre vore å stille nokre spørsmål og peike på problema.

– Det er ikkje berre berre å orientere seg i Sognefjorden; straumane gjekk visst ikkje heilt slik du trudde?

– Det var svært forvirrande. Somme seier at dei går innover på sørsida og ut igjen på nordsida. Andre hevdar at det øvste laget av fjorden alltid går utover, atter andre påstår at det heng saman med tidevatnet, og at utstikkande nes òg påverkar straumen. Men eitt er sikkert: Desse straumane har god fart innimellom. Sjølv om det er heilt vindstille, kan straumen ha ein fart på opptil to knop, og det er det tungt å ro imot. Vi prøvde å planleggje litt opp mot tidevasstabellen, men det finst fleire mysterium som han ikkje tek omsyn til, og som eg nok må ro nokre tiår til for å finne ut av.

– Kva ser du sjølv som di største oppleving undervegs?

– Kombinasjonen av å ha fått lov å bli kjend med fjorden, naturen der og så mange gode historier, men også dei spesielle augneblinkane. Å liggje og vogge i soloppgangen kl. 04.44 etter ei hard natt i nordvesten, eller å ro langs eirgrøne tre og snødekte fjell som speglar seg i fjorden – mannen min song høgt. Å ro saman med mamma i mørkeret var også fint. Dette er opplevingar som har sett seg i kroppen og er gode å hente fram.

Tilhøyrsle

– Ei slik ferd gir også rom for refleksjon. Kva sit du att med?

– At vi må ta vare på fjorden vår og naturen og på oss sjølve. Vi er jo også natur. Av og til må vi tillate oss å gå litt sakte, vi må ha tid til å puste, og vi må vere snille med kvarandre. Eg veit det høyrest banalt ut, men det er ikkje mindre sant av den grunn. Orda veks der ein sit med årene, men stundom må orda få vere store og likevel heilt enkle. Rausleiken vi møtte, er òg noko vi kan møte andre med. Ved å ro kjem ein i kontakt med seg sjølv, med naturen og med historia.

– For ein nomade som har hatt 23 ulike bustader i sitt 45-årige liv og den dag i dag held seg med tre ulike adresser, var tydelegvis heim og tilhøyrsle viktig på roturen?

– Det er noko som har komme med alderen. Spørsmålet om tilhøyrsle er universelt, noko vi alle får, gjerne fleire gonger, og det er ikkje alltid så lett å svare på. Viktigast er kan hende å vere heime i seg sjølv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis