Bok

Når mennesket går seg vill i seg sjølv

Med dei splitta og rastlause romanfigurane i Valskyldskapane har Goethe råka ei livskjensle mange kan kjenne seg att i i dag, seier førsteamanuensis i tysk Torgeir Skorgen ved Universitetet i Bergen.

Ei raud rose vart lagd på bysten av Johann Wolfgang von Goethe i slottsmuseet i Weimar i samband med 250-årsjubileet i 1999. I år er det 270 år sidan han vart fødd.
Ei raud rose vart lagd på bysten av Johann Wolfgang von Goethe i slottsmuseet i Weimar i samband med 250-årsjubileet i 1999. I år er det 270 år sidan han vart fødd.
Publisert

For første gong ligg Johann Wolfgang von Goethes Die Wahlverwandtschaften føre i nynorsk språkdrakt. Oskar Vistdal har omsett boka for forlaget Skalds klassikarserie. Med denne for si tid eksperimentelle romanen om kjærleik og ekteskapsbrot vekte den 60 år gamle forfattaren debatt. Sjølv såg han boka som det mest vellukka han hadde skrive.

Om bakgrunnen for Valskyldskapane (1809) seier Torgeir Skorgen:

– Dette var Goethes tredje roman. I 1774 kom brevromanen Unge Werthers lidelser, som skildrar eit stemningsmenneske som ikkje klarar å halde seg til objektive bindingar, og som borgarleg kunstnar i adelege krinsar maktar han heller ikkje å disiplinere sitt eige talent. Werther er geniet som går seg vill i seg sjølv. Drygt tjue år seinare kom dannings- og utviklingsromanen Wilhelm Meisters læreår, om ein ung mann frå handelsborgarskapen som kjenner ei dragning mot teateret. Boka skildrar hans veg inn i teaterverda og tilbake til samfunnet, korleis han blir ein vaksen og ansvarleg person.

Viktig for Goethe var også venskapen med den ti år yngre Friedrich Schiller (1759–1805), fortel Skorgen. Schiller var skulert i Kants filosofi og oppteken av tilhøvet mellom mennesket som naturvesen og mennesket som moralsk fornuftsvesen. Kunstens oppgåve, slik han såg det, var å stifte harmoni mellom desse og vere krafta som skal oppheve splittinga mellom mennesket som sanseleg stoffdrift og moralsk formdrift.

– Då Valskyldskapane kom i 1809, syntest Goethe å tvile på denne harmonitanken. Han var skeptisk til at det er råd å sameine den driftsmessige naturdelen i mennesket med moralsk pliktmedvit. Dette førte til eit tredobbelt eksperiment i romanen: eit kjemisk, eit erotisk og eit litterært, forklarar Skorgen.

Romantisk ironi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement