Bok
Michelet står på sitt
Den nye informasjonen som dei tre historikarane har bringa fram i motboka, gjer Marte Michelet endå meir overtydd om at ho har rett i det ho skriv om jødeaksjonane.
Marte Michelet har skrive eit tilsvar til historikarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mads Tangestuen i bokform.
Foto: Astrid Snipsøyr
I boka Tilsvar. Svar på motboken til Hva visste hjemmefronten? går Marte Michelet systematisk gjennom alt dei tre historikarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen (BBT) kritiserte i Hva visste hjemmefronten?. Ho vedgår at ho i boka si gjorde nokre feil, som ho seier seg lei for og vil rette opp i neste utgåve, men meiner at dei ikkje endrar hovudkonklusjonane hennar. Dessutan viser ho attende mykje av kritikken dei tre kom med, og vender kritikken mot dei sjølve.
– Trass i dei harde frontane gir boka di inntrykk av at avstanden mellom BBT og deg er mindre enn ein skulle tru.
– Tvert imot. Der dei no har plassert seg, er vi meir usamde om antisemittismen enn nokon gong. Det verkar som om dei undervegs har komme til å måle seg inn i eit hjørne.
– Styrkt konklusjon
– Du held fast ved hovudkonklusjonane dine. Er det ingen sentrale punkt du vil modifisere eller moderere?
– Ikkje berre står eg ved det eg har skrive, eg meiner at konklusjonane blir styrkte av mykje av den nye empirien dei tre legg fram i Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? Vi veit meir no om korleis og kvifor fluktsentralar avviste jødiske flyktningar, vi veit meir no om kva von Moltke visste om jødeutryddinga då han kom til Noreg første gongen i 1942, vi veit meir no om betalingsprinsippet som Sivorg innførte for jødiske flyktningar og «rasjonalet» bak det og så vidare. Det inspirerande ved dette har vore å sjå på mykje av det materialet BBT fortenestfullt har bringa til overflata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.