JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Mellom begjær og normer

Det finst inga sanning. Kvar har si sanning, men ingen har rett. Med det som utgangspunkt skreiv norsk-samisk-danske Maren Uthaug ein nøktern, men likevel skakande roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maren Uthaug er forfattar, teikneserieskapar og bloggar.

Foto: Kajsa Gullberg

7310
20200306
7310
20200306

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Ved hjelp av eit krevjande kompositorisk grep der dei tre sentrale personane får komme til orde, kvar for seg, står Der det finst fuglar fram som ein illustrasjon på kor ulikt den såkalla røyndommen kan arte seg for personar som har opplevd det same. I desse dagar ligg romanen føre på norsk.

Maren Uthaug visste alt frå byrjinga at ho ville ha fleire ulike perspektiv på hendingane, men innsåg òg at ho som forfattar hadde gitt seg sjølv ei vanskeleg oppgåve.

– Det var som å løyse ein sudoku kvar dag. Dei tre delane med kvar sitt perspektiv skal passe saman heile tida, du kan ikkje skrive noko i del to som øydelegg for ein av dei andre. Så er det også slik at måten personane agerer på i éin del, må gi meining i dei andre delane. Stadig måtte eg tilbake og justere historia.

Personane har alle ulike motiv, som fargar situasjonen, men som dei ikkje vil vedkjenne seg. Dei er med i det sosiale spelet, der det dei seier, er «sant», men det får ein annan verdi i øyro til dei andre.

– I sum gir dei ulike perspektiva eit meir komplett, men også langt meir komplekst bilete av livet på fyret og i bygda?

­– Slik er jo livet. For å gjere historia meir intens har eg plassert personane på eit fyr, tett innpå kvarandre. Fordi det skulle finnast menneske på fyret, måtte eg leggje handlinga til ei tid før automatiseringa.

– Men det du skildrar, kunne like gjerne skjedd i dag?

– På mange måtar trur eg det. Framleis er det nok mange som gøymer seg og ikkje torer gjere det dei har lyst til, av redsle for dei sosiale konsekvensane.

Samisk satire

Med samisk far frå Tana og trøndersk mor frå Ørlandet budde Maren Uthaug dei første åtte leveåra i Kautokeino. Då foreldra blei skilde, flytta mor og dotter til Sønderjylland. No bur 48-åringen i København med mann og tre born.

Etter å ha vunne ein konkurranse i den danske avisa Politiken har Uthaug dei siste sju–åtte åra produsert ei dagleg, minimalistisk teikneseriestripe i avisa, med tittelen «Ting jeg gjorde». Ho er også å finne i fleire norske aviser. I tillegg har ho vore ein svært populær bloggar, som no har gått over på Instagram, der ho har over 32.000 følgjarar. Og den humoristiske overlevingsboka hennar for tenåringar er stadig å sjå på danske konfirmantgåvebord.

Før ho debuterte som romanforfattar, gav Maren Uthaug også ut fleire satiriske teikneseriebøker om samisk kultur, med titlar som Det er gøy å være same og Same shit. Dei som trur at samar ikkje har humor og sjølvironi, skal vite at bøkene ligg føre på både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk har vunne stor popularitet.

– Eg har fått svært fin respons i samiske miljø. Dei likar at det kjem humor frå den kanten, sidan mange nordmenn assosierer samar med klaging og syting, at dei er lette å såre og heilt utan humor.

– Du debuterte som romanforfattar i 2013 med Sånn ble det, om ei samisk jente som sju år gammal blir rykt opp frå heimemiljøet og flytt til Danmark. Kor sjølvbiografisk er det?

– Store delar av boka er sjølvbiografisk, men ikkje handlinga. Då eg skulle skrive min første roman, ville eg nytte eit stoff eg visste noko om: å bli teken bort frå ein kultur som barn og bli planta i ein heilt annan kultur. Likeins visste eg om problema det samiske samfunnet har, så det ville eg bruke som grunnlag. Mange av skildringane har eg henta frå meg sjølv.

Ein sympatisk nekrofil

I fjor kom Maren Uthaug med ein sju generasjonars slektsroman, En lykkelig slutning, som inneheld element som nekrofili, eutanasi, overtru og gjengangarar.

– Eg er svært glad i gode historier, det er slike eg likar å skrive. Bøkene mine er ikkje overdrive dramatiske, men dei inneheld ganske mange sterke element. I denne romanen ville eg utfordre meg sjølv.

Nekrofili visste ho svært lite om.

– Det du les om menneske som kjenner seg tiltrekte av lik, gjer dei ekle og fråstøytande. Eg ville skape ein sympatisk nekrofil, ein vi faktisk likar. Eg ville undersøkje korleis det er å vere nekrofil i eit moderne samfunn. Han som har denne drifta, har store problem med å kontrollere henne, han legg vinn på å unngå situasjonar som kan freiste han. Men så kjem likevel den dagen da han ikkje klarar å halde seg.

– Dette er den første romanen din som ikkje hentar stoff frå eigen familie?

– No har eg skrive meg fri, no kan eg gjere som eg vil. Og det gjer eg både i denne og den romanen eg held på med.

Heller ikkje Der det finst fuglar er fri for sterke element. I dette slektsdramaet, frå den vesle bygda Uthaug på Ørlandet, med Kjeungskjær fyr som sentrum, har forfattaren funne plass til både incest, barnedrap, svik og begjær. Og igjen klarar ho det kunststykket å få lesarane til å fatte sympati for overgriparen.

I denne bygda har morsslekta til Maren Uthaug levd i fleire generasjonar, og mykje av stoffet i romanen er forteljingar forfattaren har fått høyre frå mor si og ei tante. Kjeungskjær fyr har ho i alle år kjent ei romantisk draging mot. Delar av boka er skrivne på fyret, som no er automatisert.

Svik

Tittelorda «Der det finst fuglar» har framhaldet «finst det fisk», og denne setninga går igjen i boka. Med det meiner Uthaug at der fuglane krinsar over noko, der ligg problemet. Ein stad fuglane ofte sit, er på eit nausttak inne på land. Det er staden der utruskapen får utfalde seg, der nokre av personane får leve ut lystene sine.

– Eg tykte tittelen passa perfekt for denne boka. Personane eg skriv om, freistar halde seg innafor normene, men klarar ikkje styre driftene. Konflikten mellom normer og begjær er sentral i historia.

– Kor mykje av det du fortel i denne boka, byggjer på faktiske personar og hendingar frå di eiga slekt?

– Historia er ikkje sann, men nokre av karakterane er henta frå slekta mi. Han som heiter Feite, er basert på oldefar min. Feite er «Ørlandets største horebukk», og oldefar min var ein damenes venn. Då kona hans fødde det tredje barnet deira, fekk nabokona tvillingar som han også var far til. Takk vere han er eg i slekt med heile Ørlandet. To av kvinneskikkelsane, Darling og Hannah, har fått fleire trekk frå syster til mormor mi. Ho var så vakker at ho aldri blei gift, ho flytta til Amerika og kom tilbake etter mange år, feit og tannlaus.

– Det er mykje svik, men òg ekte kjærleik i historia du fortel?

– Sviket i boka oppstår av relasjonar som personane føler at dei bør ha, der dei ikkje følgjer hjarta. Det blir aldri ekte. Ein må gå etter det ein eigentleg har lyst til.

– Vi finn ikkje mange lyspunkt i boka. Kanskje er danske Gudrun det einaste?

– Ho bryt med normene, gifter seg ikkje slik far hennar vil, reiser ut og er seg sjølv. Ho er den dei andre kan kjenne seg friare i samvær med. Ho er ei gåve til alle, representerer det frie livet vi alle burde leve – sjølv om det ikkje er utan kostnader.

– Same kva du skriv om, er stilen din nøktern og usentimental?

– Eg kan ikkje skrive på anna vis. Eg synest heller ikkje eg skal diktere kva lesarane skal føle når dei les bøkene mine. Derfor er eg svært nøktern i måten eg ser og skildrar verda på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Personane eg skriv om, freistar halde seg innafor normene, men klarar ikkje styre driftene.

Maren Uthaug, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.

Foto: Eng Chin An / FIDE

SjakkKunnskap
Atle Grønn

Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.

Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar
Brit Aksnes

At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.

Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.

Foto: Maria Gros Vatne

FilmKultur
Mona Louise Dysvik Mørk

Frå draum til sorg

Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».

ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement
ReportasjeFeature

Å stira diskret

Kvifor er det flautt å sjå?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis