JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Med skam som favorittkjensle

Anna Skjervum veit kva det vil seie å gå i terapi. No har ho nytta eigne røynsler til å skrive roman om det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anna Skjervum zoomar inn på forholdet mellom ei kvinne og den eldre, mannlege terapeuten hennar.

Foto: Solum / Bokvennen

8200
20220701
8200
20220701

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

En historie om kjærlighet er ikkje ein roman med eit ein-til-ein-forhold til røynda, fortel den 40 år gamle oslokvinna. Boka er tilpassa ei litterær form, med alt det bringar med seg. Dessutan er slike terapiprosessar i stadig rørsle, det som var sanning på eitt tidspunkt, treng ikkje vere det nokre månader seinare.

Skjervum debuterte med romanen Kvelertak i 2019, og sjølv om bok nr. 2 ikkje er ein oppfølgjar, går tema som tunge traume og ei kvinnes asymmetriske forhold til ein langt eldre mann, att frå debutromanen.

– Eg går i behandling no og har gjort det i mange år. Derfor er dette tema som interesserer meg. Korleis ein blir møtt av helsevesenet, korleis ein blir forstått, og kvar på diagnosekartet ein blir plassert og kvifor.

– Ut over at temaet interesserer deg, kva var det som fekk deg til å skrive roman om dette?

– Eg kjende vel ein trong for å klarleggje det som kan oppstå i møte med ein psykolog. Kanskje spesielt kor sterke kjensler som kan komme fram. Og å seie noko om korleis det er å vere prisgitt eit system, for mange ei ukjend verd med eigne normer og reglar. Men også meir allment: å falle for feil person, og kor vanskeleg det er å forstå kvarandre, også når intensjonane er gode.

Sara, den 33 år gamle hovudpersonen, lever i eit godt ekteskap med mann og to born. Ho har alt gått i terapi hos den 25 år eldre psykologen Bjørn i meir enn tre år då vi møter henne. Bakgrunnen er nokre svært traumatiske opplevingar ho har hatt i slutten av tenåra. Vi følgjer prosessen deira gjennom halvtanna år, fram til behandlinga tek slutt. Sentralt i denne prosessen er Saras stadig tettare tilknyting til – kanskje forelsking i – terapeuten sin. Men det er også ei historie om å opne seg for å nå målet med behandlinga.

– Ho står i spennet mellom å fortelje terapeuten alt, og dermed kanskje få sterkare kjensler for han, eller la vere og slik risikere å ikkje trengje til botnen i det som er problemet hennar?

– Det er noko av kjernen i romanen: korleis overleve. Så er det litt uklart kva slags type kjærleikskjensler det er tale om. Er det styrt av erotisk begjær, eller av noko anna? Det kan vere at relasjonar frå fortida påverkar korleis ho oppfattar han kjenslemessig. Det kan òg vere tale om lengt etter kompensasjon for det vonde ho har vore gjennom. Terapeuten indikerer at det er slik det er, og at ho er for sterkt kjenslemessig engasjert til at ho klarer å reflektere klart over sin eigen situasjon. Ho håper kanskje å få hjelp til det i dialogen med Bjørn, utan at ho opplever heilt å få det.

Ein maktkamp

– Kvifor kallar du boka «En historie om kjærlighet» og ikkje «En kjærlighetshistorie»?

– Det var ikkje noko klart medvite val frå mi side, berre den vesle setninga som dukka opp medan eg skreiv. Og så handlar det jo om ei kjærleikshistorie som ikkje er heilt tradisjonell.

I uvanleg stor grad er boka ei forteljing om behandlar og pasient, der omgivnadene, også familien hennar, er lite meir enn kulissar. Dette forklarar forfattaren med at ho ønskte å zoome inn på forholdet mellom dei to. Alt anna var uvesentleg. Kva som skjer, forholdet mann–kvinne, og om dei maktar å halde seg til rollene dei har.

– Valet var heilt medvite, teksten er svært monoman. Slik måtte han bli.

– «Kvalmende» og «avskyelig»
er karakteristikkar Sara ofte nyttar om sine eigne tankar og kjensler, især i relasjon til Bjørn. Kva fortel det om henne?

– Det handlar om sjølvbiletet hennar, som ho søkjer å få korrigert. Å måtte be om ei slik stadfesting, kan lett skape sjølvforakt.

– Same kva Bjørn seier, tviler Sara på at han liker henne. Er det ein del av sjukdomsbiletet?

– Eller eit ledd i ein umedviten strategi for å sjå ikkje berre om, men òg i kva grad, han liker henne. Relasjonen mellom dei er god og tillitsfull, men også skøyr fordi ho ikkje kjenner seg trygg. Så er det uklart om denne utryggleiken handlar om han eller henne, eller korleis han oppfattar hennar ambivalens.

– Er forholdet mellom dei to også ein maktkamp, ein duell?

– Det går på Saras behov for å utjamne maktubalansen ho opplever å vere i, men som kanskje ikkje er så reell som ho trur. Kanskje har ho større makt i dette forholdet enn ho sjølv skjøner.

– Kva trur du?

– Eg trur det, men eg er usikker på om ho er medviten om det sjølv. Manipulerande trur eg ikkje ho er, men det kan vere at han oppfattar henne litt slik. Ho er nok ikkje ein lett pasient å ha.

– Skam synest ha ein stor plass i livet hennar?

– Skam er noko som interesserer meg sterkt. Det er ei interessant kjensle – favorittkjensla mi, faktisk. Ei kjensle som fortel mykje. Derfor har eg drege Sara sterkt inn i den kjensla for å seie noko om korleis ein justerer seg sjølv i det sosiale livet.

«Forferdelig frihet»

– Boka di er også ei historie om personleg vekst?

– Det skjer jo ei utvikling. Ho er takksam og glad for å ha komme inn i eit miljø der ho blir sett, noko ho har vore sveltefôra på. Og då er det lett å samanlikne dette med tradisjonell kjærleik eller forelsking. Ein ganske vanleg dynamikk, vil eg tru.

Relasjonen mellom pasient og psykolog blir som ein lupe.

– Alt kjem fram i ei sterkare og klarare form. Då kan det vere vanskelegare å verne seg enn i ein meir «normal» relasjon, der du lettare kan trekkje deg attende. Dette er jo ein svært fast, strukturert relasjon.

– Sara er flink til å analysere seg sjølv, men skjøner visst ikkje heilt forholdet til Bjørn?

– Grunnen til at romanen byrjar etter tre og eit halvt år, er nettopp at ho skal ha vunne ei viss sjølvinnsikt. Ho har gått i terapi så lenge at ho veit kva det går i. Sara er svært oppteken av å analysere seg sjølv, men ho er usikker på kor flink ho er. Ho har stor tillit til Bjørn og vurderingane hans, samstundes som ho opplever at han brått kan indikere ei forståing av henne som ho ikkje kjenner seg att i. Han opplever kanskje relasjonen deira som skiftande på grunn av Saras vekslande framferd, medan ho meiner denne vekslinga handlar om hennar forhold til seg sjølv.

– Då Bjørn seier at Sara står fritt til å tolke han som ho vil og så mykje ho vil, tenkjer ho: «Det var en forferdelig frihet.» Korleis skal vi forstå det?

– Når han gir henne fridom til å tolke som ho vil, trur eg ho opplever det som at situasjonen blir endå meir kaotisk. Ho treng fastare rammer. Bjørn har vore klar på at det ikkje kjem til å skje noko mellom dei, noko ho ikkje heilt aksepterer. Dynamikken mellom dei er så sterk, at med andre premissar kunne forholdet deira kanskje vore annleis. I det minste håper ho vel det.

Ei kvinnes asymmetriske forhold til ein eldre mann står også sentralt i debutromanen hennar, sjølv om Skjervum peiker på at dei to bøkene er nokså ulike. Kvelertak handlar om hovudpersonens forhold til to ulike menn. Det gjer for så vidt også årets roman, men der er den andre mannen ektefellen hennar, som aldri får ein sentral plass i historia.

– Dette ujamne maktforholdet er visst noko som opptek deg sterkt?

– Ja, eh, ja. Kvelertak handlar mellom anna om ein eldre professor på universitetet, som er førelesaren hennar. Men relasjonen mellom Bjørn og Sara i En historie om kjærlighet er ikkje slik, og denne historia er fortald heilt annleis. Det er òg sentralt i begge bøkene at overskridande maktforhold ligg i botnen.

– Traumatiske opplevingar har ein plass i begge bøkene?

– Det er heilt essensielt. Trauma er ikkje heilt dei same i dei to bøkene, men traume er noko eg har erfaring med. For meg er det viktige korleis ein forstår traume. Traumesymptom er jo ingen sjukdom, men normale reaksjonar på unormale røynsler. Då blir spørsmålet korleis samfunnet og behandlingsapparatet forstår desse symptoma. Når Bjørn indikerer ei personlegdomsforstyrring, blir det eit spørsmål kvar ansvaret for at Sara har blitt som ho er, skal plasserast. Det har kanskje lite å seie for behandlinga, men mykje å seie for Saras forståing av seg sjølv og hennar historie. Romanen er ein freistnad på å seie noko om det på ein nyansert måte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Traumesymptom er jo ingen sjukdom, men normale reaksjonar på unormale røynsler.

Anna Skjervum, forfattar

Fleire artiklar

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).

Foto: Thomas Fure / AP / NTB

PolitikkSamfunn
Marita Liabø

Mors liv i salen

Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Ane Tusvik Bonde

«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»

Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.

Foto: Ole Berg-Rusten

Samfunn

Når nokon har snakka saman

Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre, seier kommentator Magnus Takvam.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis