Kommentar
    Religion og raseri
    Nei, KrFU-leiaren treng ikkje gå av fordi ho har eit marginalt standpunkt.
    
    
        Nyvald leiar i KrFU Ingrid Olina Hovland har provosert mange med abortsynet sitt. Ho leier eit parti som har gått i konservativ retning.
        Foto: KrFU
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland har fått oppleve at vegen frå himmel til helvete kan vere kort i politikken. Søndag kunne ho dra frå KrFUs landsmøte som nyvald leiar. Måndag vart ho møtt med påstanden om at det no er The Handmaid’s Tale-tendensar i KrFU. Onsdag kveld hadde over 36.000 personar skrive under på eit opprop, starta av påverkaren Anine Olsen, om at ho burde gå av.
Hovland stod lagleg til for hogg. I podkasten Brutalt ærlig, som kom ut måndag, snakka ho fritt om sitt syn på abort. Ho presiserte at KrF går inn for sjølvbestemt abort fram til veke 12, men på spørsmål om kva ho ville gjort om ho vart gravid etter ei valdtekt, svarte ho at ho trur og meiner det beste ville vere å bere fram barnet, sjølv om ho ikkje kunne seie det med lett hjarte. Omsynet var verdien ved alt liv.
Kva tenkte ho på?
Slitesterk lov
I eit land som har hatt sjølvbestemt abort sidan slutten av 1970-åra, er Hovlands standpunkt marginalt. Det er knapt politisk relevant. Men som ideologisk utgangspunkt kan det vere politisk interessant.
Eit mindretal vil også oppfatte Hovlands standpunkt som prinsippfast og moralsk relevant. Det er ein logisk konsekvens av tanken om at livet startar når det er unnfanga, og at alt liv har like høg verdi. Religiøs logikk kan sjå vakker ut på papiret. Å overføre logikken til røynda er langt vanskelegare.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.