JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Mange bøker, eitt verk

2009: Store forteljingar blir delte opp av litterære, tekniske eller økonomiske grunnar. Forlaget Oktober tok ein spansk ein.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LANG KVALITET. Det er uråd å fortette På sporet av den tapte tid (1913–27) av Marcel Proust til eitt band. Det hadde ikkje blitt det same med Min kamp (2009–11) av Karl Ove Knausgård i eitt band heller.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

2761
20190705
2761
20190705

Førespurnaden kom frå Forlaget Oktober. Karl Ove Knausgård arbeidde med eit verk som ville bli for stort for eitt band. Kunne Kulturrådet gi dispensasjon frå regelen om at ingen forfattar får kjøpt inn meir enn éi bok i same sjanger på eitt år?

Dei to første bøkene i verket Min kamp kom ut hausten 2009. At det også ville komme ei tredje bok same hausten, ante ikkje Kulturrådet, som svara ja tidleg i juni. Då forlaget presenterte haustlista 26. august, var dette blitt ein roman i seks bøker. Første bok var i sal 21 september 2009, og 17. november 2011 slutta sjette bok med meldinga mange misforstod: Det var eg-forteljaren, ikkje forfattaren, som skreiv at han skal «virkelig nyte tanken på at jeg ikke lenger er forfatter».

Historier i mange band er ei grunnform i bokbransjen. Grimberg er blitt eit synonym for slike verk. Det var forleggjaren Henrik Groth i Cappelen som gjorde dette mangebandsverket til ein norsk suksess. 51 år gamle Carl Grimberg hadde i 1926 gått laus på Världshistoria. Verket var planlagt i 14 band. Grimberg skreiv dei sju første åleine, dei tre neste banda saman med Ragnar Svanström, som tok seg av resten. I 1941 døydde Grimberg midt i forteljinga om Nord-Amerika på 1700-talet.

Groth såg kor god forteljar Grimberg var. Den svenske originalutgåva blei delt opp i 22 band og gitt ut som Menneskenes liv og historie av Cappelen i 1955–62. Der slutta forteljinga i 1945. Fram til 1990 kom verket i sju utgåver med jamt meir skrive av andre enn Grimberg. Groth hadde sikra seg retten til å bearbeide verket, og gjennom nordisk samarbeid blei Grimberg eit stort redaksjonskollegium.

Carl Grimberg forstod historia som eit drama. I 2019 er det fem år sidan Jon Fosse sa at no var det slutt på dramatikken. No ville han halde fram der han tok til med debutboka Raudt, svart i 1983, og skrive langsam langprosa. Det er prosaist eg er, sa Fosse og gjekk i gang med Septologien. Forfattaren tenkte det som eit verk i sju band, eitt i året. Forlaget fortettar det til tre band på tre år. Første gjennomskrivinga av 1750 sider var ferdig i februar 2018. Opninga til band 1, Det andre namnet, skreiv han i Frankrike ein sommardag i 2015 med Macen på magen:

«Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane, ein lilla og ein brun, som kryssar einannan på midten, eit avlangt bilete, og eg ser at eg har måla strekane langsamt og med tjukk oljemåling, og ho har runne, og der den brune og den lilla linja kryssar einannan blandar fargen seg vakkert og renn nedetter ...»

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar.

Neste veke: Epilog med etterskrift

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis