Bok

Livet utanfor hovudforteljinga

Når nesten ein million menneske lever aleine i Noreg, kvifor blir det framleis oppfatta som eit så stort avvik, spør Unn Conradi Andersen.

Unn Conradi Andersen er sosiolog og forfattar.
Unn Conradi Andersen er sosiolog og forfattar.
Publisert

Det nyaste offisielle talet på aleinebuande her i landet er 974.200. I boka På egen hånd. Om framveksten av singelsamfunnet fortel sosiolog Unn Conradi Andersen ulike historier frå singelsamfunnet, kopla saman med sosiologiske fakta og analysar. Dei nordiske landa toppar statistikken over landa i verda med flest aleinebuande, og forfattaren ser fleire forklaringar på det.

– Den nordiske velferdsmodellen sette i gang store demografiske endringar. Demokratiseringa av utdanning frå slutten av 1960-talet førte straumar av unge til byane. Bortebuarstipendet var eit svært sterkt insentiv som fekk dei unge til å flytte heimanfrå. Når dei òg etablerer seg seinare med familie, inneber det at dei tidleg i livet får ei røynsle med å ha «sitt eige rom» og beherske det rommet, seier ho.

Vissa om at dette rommet finst og kan vendast attende til, gjer det kanskje lettare å bryte opp frå ekteskap eller sambuarskap seinare i livet.

– Desse faktorane, saman med auka livslengde og kvinnas endra rolle i samfunnet, ikkje minst at mange av dei har teke utdanning og ikkje vendt attende til bygda, trur eg er mykje av forklaringa på denne enorme endringa.

Lite forsking

Andersen fortel at det har vore forska lite på dei single, derfor veit ho ikkje kor mange single som bur aleine av eige val. Ikkje sidan 2006 har det vore laga ei undersøking om levekåra til dei aleinebuande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement