Bok
Kvinnekropp til leige
Sofi Oksanens nye roman er skriven av dårleg samvit. Men ikkje berre, for ho ønskjer å gjere verda merksam på illegal eggdonasjon og surrogati, slik det blir praktisert i Ukraina.
Sofi Oksanen har skrive fleire romanar og fått prisar som Svenska Akademiens nordiske pris og Nordisk råds litteraturpris.
Foto: Toni Härkönen
Under arbeidet med førre roman, Norma (2015, på norsk 2016), kom den finsk-estiske forfattaren over denne tematikken, men fekk han ikkje til å passe inn i historia ho då heldt på med. Men så bestilte Burgtheater i Wien eit stykke av henne om «Samtids-Europa», det gav høve til å dykke ned i emnet. Hovudpersonen i stykket, donoren Daria, blei så med over i den nye romanen, Hundeparken (2020, omsett til norsk av Turid Farbregd), der ho har ei særs viktig birolle.
Forfattaren fortel at boka byrja med eit bilete av to kvinner som sat i ein park i Helsingfors. Men det meste av den dramatiske handlinga er lagt til Ukraina, dels i åra etter Sovjetunionens fall, dels etter oransjerevolusjonen i 2004 og den russiske okkupasjonen ti år seinare.
– Alt eg såg, var dette biletet med dei to kvinnene. Kven dei var, kva som hadde skjedd med dei, kva som skulle skje, ante eg ikkje. Men eg visste at boka skulle handle om surrogati og donorskap i det korrupte Ukraina, verdas største babyfabrikk. Då eg såg at ingen andre skreiv om dette, skjøna eg at eg måtte følgje samvitet mitt og sjølv skrive om det.
– Er det råd å seie noko om kor omfattande den såkalla fertilitetsindustrien i Ukraina er?
– Ikkje anna enn at han blir stadig større. Statistikk finst ikkje, men det er ikkje usannsynleg at det årleg blir gjennomført fleire titusen eggdonasjonar og surrogati i Ukraina. Etter at Thailand og India stoppa babyfabrikkane sine, flytta industrien til Ukraina, som har dei mest liberale surrogatilovene i verda. Har du pengar, kan du kjøpe deg ei lov. Heile systemet er rote. Det er den viktigaste årsaka til at Ukraina er blitt verdas fertilitetshovudstad. At landet har mange kvite, kaukasiske kvinner, gjer det også attraktivt.
Noko å syne verda?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.