JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Kongen vi (nesten) ikkje veit noko om

Etter at Øystein Morten har saumfare dei norske vikingkongane, er det lite igjen av Snorre og sagalitteraturen. Kva sit vi att med når mytane om Olav Tryggvason er rydda av vegen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I år 995 fekk Olav Tryggvason slege den fyrste norske mynten, Tryggvason-penningen, med portrettet sitt på eine sida og krossen på hi.

7856
20191122
7856
20191122

Historie

janh@landro.bergen.no

Religionshistorikar Øystein Morten (46) er ikkje som historikarar flest. Han dreg gjerne ut i verda i fotspora til kongane han skriv om, og skildrar reisene sine. Det kan ofte gi overraskande resultat. Dessutan held han dei norske kjeldene opp mot eit breitt spekter av europeiske, ikkje minst engelske krøniker frå same tidsrom. Alt som ikkje stemmer med angelsaksiske krøniker frå den aktuelle perioden, skjer han bort. Det betyr takk og farvel til Snorre og sagaene. Skaldekvada, derimot, har truleg meir sanning i seg, sidan dei er autentiske augevitneskildringar.

Skrella vekk

Men når sagakonteksten blir skrella vekk, er alt forfattaren sit att med i Jakten på Olav Tryggvason, berre nokre skaldedikt, nokre setningar i ei engelsk krønike, eit fåtal linjer i eit par bøker, tre myntar og ein leigesoldatkontrakt. Det kan det bli over 300 fascinerande boksider av.

Wikipedia seier at Olav Tryggvason var fødd i 963, Store norske leksikon at han såg verda i 968. Men Øystein Morten meiner at det må ha skjedd seinare, kring 970. Dei «offisielle» årstala er baserte på ein sagakontekst som beviseleg ikkje har noko med røynda å gjere, fortel forfattaren.

– Kan vi slå fast at Olav Tryggvason ikkje var «norsk», altså fødd i Noreg av norske foreldre, og heller ikkje ein Hårfagre-ætling?

– Om opphavet hans kan vi ikkje slå noko sikkert fast. Men sagaforteljinga om koplinga mellom Olav og Harald Hårfagre verkar i høg grad oppkonstruert, mellom anna fordi ho opererer med grenser og maktområde som ikkje eksisterte på 900-talet. Adam av Bremen, som skriv kring 1060, meiner at Olav er son av Håkon Ladejarl.

Var han ikkje «norsk»?

– Kan han ha vore fødd og vaksen opp i danske Hedeby, som i dag ligg på den tyske sida av grensa?

– Med ein slik hypotese fell mange av bitane i historia betre på plass. Eg er likevel ikkje like overtydd som dei som først presenterte denne teorien for meg. Men vi veit at Olav, før han blei norsk konge, var leiar for ein kjempesvær dansk hær. Og han gifta seg med dottera til kong Harald Blåtann. Det kan ha funnest fleire kongefamiliar i Danmark på den tida, det kan i så fall forklare korleis Olav i 990-åra kunne vere likeverdig med Svein Tjugeskjegg, som var dansk konge frå om lag 985. Men det vi kan slå fast, er at Olav Tryggvason ikkje voks opp i Gardarike (Russland), slik tradisjonen vil ha det til.

Serien av kongebiografiar – Olav Haraldsson, Magnus den gode, Sigurd Jorsalfare og no Olav Tryggvason – tok til med at Øystein Morten (46), som distriktskonservator i Vest-Telemark, ville skrive bok om Eidsborg stavkyrkje. Då kom han inn på helgendyrking, og i det arbeidet blei Olav den heilage svært sentral. Morten tok til å lure på kvar det blei av skjelettet til helgenkongen, og dermed var det gjort.

– Det som fascinerte meg, var å finne koplinga mellom helgenforteljingane, mytane og kongens verkelege liv. Eg blei svært interessert i spennet mellom sanning og fiksjon, den flytande overgangen mellom sakprosa og skjønnlitteratur.

Forteljingane om Olav Tryggvason har hatt ein funksjon på 1100- og 1200-talet, dels fordi ein ville gjere han til helgen, dels fordi ein ville lage ein myte om Hårfagre-ætta, med Olav Tryggvason som oldebarnet til Harald Hårfagre. Slik kunne det bli ei historie om innføringa av kristendommen i Noreg, knytt til éi ætt.

I boka skildrar Øystein Morten korleis Tryggvason og Tjugeskjegg i åra 991–996 herja og plyndra i England og skaffa seg svære rikdommar for å stoppe valden og drepinga. Likevel blir den døypte Olav konfirmert i ei engelsk kyrkje, av ein engelsk biskop og med den engelske kongen som fadder. Forfattaren ser dette som eit strategisk grep: Kan vi ikkje slå dei, så prøv å få dei til å bli som oss. Ei slags integrering, eller kulturell erobring.

Myten om Moster

Så ber det heim (?) til Noreg og kristning og erobring. At Olav Tryggvason skal ha komme til Moster i 995 og halde messe i eit telt der og slik innleidd kristninga av landet, trur ikkje Øystein Morten på. Vurdert ut frå andre kjelder kan ikkje det stemme.

– Kor mykje av æra for kristninga av Noreg vil du gi Olav Tryggvason og Olav Haraldsson?

– Kristningsverket tok til i 960-åra med at danske Harald Blåtann lét seg døype. Det er det som er kristninga. Til liks med alle nasjonane kring oss ville Noreg ha blitt kristna uansett. Sigeren over ein sterk heidensk leiar som Håkon Ladejarl førte til kristning av Trøndelag og nordover. Tidsvitnet Sigvat Skald oppfatta det som skjedde, som eit dramatisk kulturskifte, og det må Olav Tryggvason ha æra for. Av seinare lovtekstar veit vi at Olav Haraldsson, saman med biskop Grimkjell, innførte kristenretten. Sterke kongeskikkelsar med mykje midlar, saman med biskopar og geistlege frå England, trur eg utgjorde ein stor forskjell.

På ein høg sokkel på torget i Trondheim står Olav Tryggvason og skodar ut over byen han skal ha grunnlagt. Men det har han slett ikkje. At han likevel blei framstilt som grunnleggjaren av Nidaros, trur Øystein Morten hadde ideologiske og religiøse grunnar, især at ikkje den heidenske hovdingen Håkon Ladejarl skulle få æra. Men internasjonale kjelder og nyare arkeologi fortel ei anna historie.

Kva tid, korleis og kvar Olav Tryggvason blei konge, veit ingen. Men ifølgje Morten verkar det som trøndarane tok han til konge etter at dei hadde svikta Håkon Ladejarl. Formelt har det skjedd på eit ting, men etter at Olav først har skaffa seg alliansar med dei mektigaste hovdingane i området. Truleg har rikdommen han vann i England, vore viktig for denne alliansebygginga. Alliansar med stormenn langs kysten gjer at han blir teken til konge på fleire ting sørover.

Har funne «Svolder»

– Dersom Olav ikkje var frå det vi i dag kallar Noreg, og heller ikkje voks opp her eller hadde tilknyting til landet, kvifor kjempa han då om kongsmakta her?

– Ei forklaring kan vere at han og Svein Tjugeskjegg var samde om å dele makta over Norden, og at dei såg det som avgjerande å nøytralisere Håkon Ladejarl og erobre kysten nordover.

Olav Tryggvason fall i 999, ikkje i år 1000, i slaget ved Svolder. Men kvar finst denne staden, som ingen har kunna lokalisere? Det har vore semje om at slaget stod ein stad i Øresund, og etter å ha granska kjelder og sjølv rekognosert i området kjenner Øystein Morten seg trygg på at han har funne slagstaden: utanfor øya Ven i Øresund.

– Etter arbeidet med kongebøkene dine: korleis vil du karakterisere Snorre som historisk kjelde?

– Han representerer ei interessant blanding av historieskriving og fiksjon, og det gjer han endå meir mangfelt som forfattar. Men vi må alltid vere skeptiske til det Snorre skriv, for vi veit ikkje kvar han har opplysingane sine frå. Det er tydeleg at han misbrukar skaldekvada slik at dei skal passe inn i hans eiga forteljing. Så må eg spørje meg sjølv: Gjer eg kanskje det same? Gjennom det meste av historia har historieskriving vore sterkt ideologisk og religiøst motivert.

– Med framstillinga di tek du frå oss alle dei morosame mytane, til dømes dialogen mellom Olav Tryggvason og Einar Tambarskjelve: «Kva brast så høgt?» «Noreg av di hand, herre konge!»

– Eg veit at eg vil bli oppfatta som ein gledesdrepar. Men eg tek ikkje mytane vekk, eg flyttar dei berre over i sagalitteraturen. Eg trur alle skjønar at dei ofte siterte sagareplikkane er fiksjon. Om mytane blir knuste, klarar vi likevel ikkje å bli kvitt heltekongen Olav Tryggvason.

Seier Øystein Morten, som no vil jakte på Vinland, med eit første stopp hos Eirik Raude.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Gjennom det meste av
historia har historieskriving vore sterkt ideologisk og
religiøst motivert.

Øystein Morten, religionshistorikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis