Bok

Inn i sjaman-riket

Etter ein månad hos sjamanar i Sør-Sibir fekk MiRee Abrahamsen mot til å fortelje vennene sine heime i Arendal at ho er kristen.

Sorte sjaman behandlar ein klient.
Sorte sjaman behandlar ein klient.
Publisert

I mange år har ho budd og farta kring i «eksotiske» land i Asia og kanskje ikkje fullt så eksotiske land i Europa og skrive om fleire av desse opplevingane. Etter å ha opphalde seg hos sjamanar i Kyzyl, hovudstaden i republikken Tuva, sør i Sibir, heilt på grensa til Mongolia, er ho ute med boka Sjamanen i stjerneregn. En reise til Asias sentrum.

B. MiRee Abrahamsen (B står for Britt, som ho ikkje nyttar) er adoptert frå Sør-Korea og langt meir enn gjennomsnittet internasjonal. 45-åringen har studert språk i Kviterussland, språk og samtidslitteratur i Russland, arabisk i Syria og språk og kampsporten wushu (kung-fu) i heile åtte år i Kina. Ho er europameister i tre disiplinar i wushu og har ein VM-bronsemedalje. Dessutan har ho studert kunst i Holland og Israel, men ho fann fort ut at kunstproduksjon vanskeleg lét seg kombinere med omfattande reiseverksemd. Derfor sklei ho over i litteraturen. Ho debuterte med ei diktsamling i 1999 og har seinare gitt ut romanar og reiseskildringar. Innimellom reisene er ho vikar ved Roligheden skole i Arendal.

– Kva var det som dreiv deg ut på denne reisa?

– Heilt frå eg gjekk på søndagsskule, har eg vore svært oppteken av religion og det åndelege. Kanskje er det ein del av personlegdommen min. Tidleg tok eg til å reise, men sjamanisme opptok meg ikkje så mykje før eg drog til Sibir. Ei lita russisk bok eg las for fleire år sidan, gav bakgrunn for sjamanismen og gav att mange oppsiktsvekkjande sibirske gudebilete eller åndedokker. Men det gjekk mange år før eg tok tak i stoffet og fekk høve til å reise til den vesle republikken Tuva.

– Er du så tøff som vi kan få inntrykk av, når du oppsøkjer byen med den høgste drapsraten i Russland?

– Eg kjenner meg straks heime der eg kjem, same kvar. Når ein først er på ein stad, blir alle fordommane borte. Og med den asiatiske utsjånaden min glir eg lett inn blant folk i Asia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement