Bok
Historia om uniforma som ikkje var ei uniform
Bak postuniforma, som lenge berre var ei lue, skjuler det seg mykje historikk og ikkje så reint lite kamp.
Olga Lilly Abrahamsen frå Rjukan er etter det Arvid Løhre veit, det einaste kvinnelege postbodet som er fotografert i full uniform etter reglane frå 1899 med endringar frå 1930.
Foto: Orlaug Johanne Pettersen / Norges Postmuseum
Arvid Løhre (69) har 40 år bak seg i Posten, som alt frå landpostbod til seks år som førstekonsulent ved Postmuseet. Boka Norske postuniformer. Om postfolk og bekledning, utstyr og symboler har han arbeidd med i 25 år. Då han såg at lite var skrive om postetatens uniformer, og at mykje av det skrivne var feil, ønskte han å lage ei mest mogleg korrekt framstilling av denne historia. Men boka hans inneheld også mykje historisk stoff om andre sider ved Posten og livet som posttilsett.
Postsignal
Posthornet er truleg det symbolet dei fleste assosierer med Posten. Men Løhre fortel at hornet først kom i bruk gjennom eit kongeleg påbod i 1730, 83 år etter at Posten i Noreg blei etablert. Det var bønder som skulle føre fram posten mellom postkontora, såkalla postbønder, og i 1730 blei det bestemt at dei skulle nytte horn for å varsle at posten kom.
– Det fanst ingen reglar i Noreg for kva slags signal postberaren skulle blåse i hornet sitt. Han skulle berre gi lyd av eit eller anna slag. Kvar postberar eller postførar hadde sin måte å blåse på, slik at dei som budde langs hovudrutene, skjøna av signalet kven som var i kjømda.
I dansketida var det viktig å halde oppe sambandet mellom Kristiania og kongen i København. Fordi det tok lengre tid sjøvegen, gjekk denne postruta over land, via Sverige. Men på svensk område fekk ikkje dei norske postførarane lov til å nytte hornet. Dei hadde heller ikkje løyve til å hente og levere post i Sverige, fortel Løhre.
– Ei slik ordning kunne fungere nokolunde problemfritt fordi Sverige hadde interesse av å bringe post gjennom Danmark til svenske «postkontor» i fleire tyske byar. Under den store nordiske krigen var det stopp ein periode, likeins under napoleonskrigane. Då måtte ein finne andre løysingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.