Bok
Grøssande heimstaddikting
Då Matias Faldbakken valde eit så stort tema som ein skapnad som vender seg mot skaparen sin, fann han det tryggast å leggje handlinga til den heimlege landsbygda.
Matias Faldbakken er både biletkunstnar og forfattar.Matias Faldbakken er både biletkunstnar og forfattar.
Foto: Dan Petter NeegaardFoto: Dan Petter Neegaard
Forfattaren som vann seg eit namn under psevdonymet Abo Rasul og gav ut tre opprørske romanar mellom 2001 og 2008, er etter ein lang pause tilbake i den litterære verda. Først med The Hills i 2017 og no med Vi er fem.
46-åringen, som også er ein internasjonalt kjend biletkunstnar, forklarar det lange skriveopphaldet med at utstillingane i desse åra kom tett i tett. Det mangla ikkje på skrivelyst innimellom, men han fann aldri tid.
– Er Abo Rasul død og gravlagd for godt?
– Han blei vel det etter boka i 2008. Eg kunne ha droppa psevdonymet tidlegare, då det blei klart kven som skjulte seg bak det. Men så lenge eg heldt på med trilogien om skandinavisk misantropi, såg eg ingen grunn til ikkje å halde fast ved psevdonymet.
– Byrja på nytt
Det var for å styre unna familienamnet – far hans er forfattaren Knut Faldbakken – at Matias såg seg ut eit psevdonym. Då han sende det første manuset sitt til diverse forlag, ønskte han ikkje å bli vurdert på etternamnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.